PREVENTABLE: Kunnskap, forebygging og bedre oppfølging ved sjeldne arvelige kreftrisiko syndromer
For menneske som lever med sjeldne arvelege kreftsyndrom, kan tilgang til rett kunnskap vere avgjerande. Gjennom det europeiske forskingsprosjektet PREVENTABLE er RKAK med på å utvikle ny kunnskap, betre helsetenester og ein digital læringsportal som gjer viktig informasjon lett tilgjengeleg for pasientar, pårørande og helsepersonell.
RKAK deltek i PREVENTABLE, eit europeisk forskingssamarbeid som skal styrkje førebygging, tidleg oppdaging og oppfølging av personar med sjeldne arvelege kreftsyndrom. Målet er å gi pasientar og familiar betre tilgang til kunnskap, støtte og helsetenester.
Læringsportal med kvalitetssikra informasjon
Gjennom prosjektet er det utvikla ein digital læringsportal med oppdatert informasjon om åtte sjeldne arvelege kreftsyndrom. Her finn pasientar, pårørande og helsepersonell mellom anna informasjon om:
- førebygging og risikoreduksjon
- tidleg oppdaging av kreft
- genetisk rettleiing
- oppfølging og screening
- erfaringar frå pasientar og pårørande
Innhaldet blir formidla gjennom videoar, artiklar, podkastar, ekspertintervju og pasientforteljingar.
RKAK si rolle
RKAK har hatt ansvar for arbeidet med arveleg melanom i prosjektet og har bidrege med klinisk kompetanse og erfaring frå pasientoppfølging. Slik er vi med på å sikre at innhaldet er fagleg relevant og nyttig for både pasientar og helsepersonell.
Eit samarbeid for betre førebygging
PREVENTABLE samlar forskarar, klinikarar og pasientrepresentantar frå fleire europeiske land. Målet er å bidra til meir likeverdige helsetenester, betre førebygging og auka livskvalitet for personar som lever med sjeldne arvelege kreftsyndrom.