Kurs og undervisning

Vi tilbyr kurs og undervisning for både pasientar og helsepersonell.

Familie plassert i familietre. Illustrasjon


Pasientkurs

Vi tilbyr i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret (LMS) pasientkurs for kvinner med påvist genfeil i BRCA1/2 og for pasientar med Lynch-syndrom. Kursa blir gjennomført både i Bergen og i Stavanger.

Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft har arrangert kurs for kvinner som har fått påvist genfeil i BRCA 1 eller BRCA2, i mange år. Kursa er blitt godt evaluert av tidlegare deltakarar. Dei varer ein heildag med mykje informasjon, som kan vere vanskeleg å hugse. Vi har òg merka oss at det deltakarane våre synest er mest nyttig, er å møte andre i same situasjon som dei, andre som skal ta dei same vala og lære seg å leve med kunnskapen om genfeilen.

Både for å auke sjansane for at deltakarane våre får med seg viktig informasjon frå kurset, at dei kan repetere denne informasjonen når som helst og sikre at kursdeltakarane får god tid til erfaringsutveksling, har vi laga eit e-læringskurs tilpassa denne pasientgruppa.

Dette e-læringskurset mottar deltakarane nokre veker før vi arrangerer eit fysisk oppmøtekurs, og dei kan behalde det så lenge dei vil. Kurset består av 7 modular, som blant anna gir nyttig informasjon om arveleg bryst- og eggstokkreft, kontrollmetodar, operasjonsteknikkar, BRCA-genfeil hos menn, psykologiske reaksjonar på kunnskapen om genfeilen og nyttige meistringsstrategiar, samt informasjon om korleis kroppslege endringar kan påverke seksuell helse (kropp, identitet og relasjon).

I E-læringskurset møter du genetiske rettleiarar, gynekolog, brystkirurg, psykolog og sexolog, samt erfaringskunnskap frå ei rekkje pasientar.

Er du interessert i meir informasjon eller å delta på kurs, ta kontakt med avdelinga.

Helsepersonell

Deling av kunnskap og kompetanse er ei av kjerneoppgåvene til RKAK. Vi driv utstrakt formidling av informasjon og kunnskap, på alt frå avdelingsmøter til internasjonale faglege møter. Vi underviser på ulike helsefaglege studieretningar og har studentar i praksis ved avdelinga.

Ta kontakt per e-post rkak@helse-bergen.no eller telefon ved interesse for undervisning på din arbeidsstad. 

Sist oppdatert 09.01.2024