CanRisk – eit nytt verktøy for å vurdere risiko for brystkreft
CanRisk er eit nettbasert verktøy som blir brukt av helsepersonell for å rekne ut risikoen ein person har for å utvikle bryst- og eggstokkreft. Verktøyet er basert på den vitskaplege modellen BOADICEA (Breast and Ovarian Analysis of Disease Incidence and Carrier Estimation Algorithm), utvikla ved Universitetet i Cambridge.
Ved vår avdeling har vi til no anbefalt mammografikontrollar basert på familiehistorie og genetiske funn. Samtidig veit vi at denne metoden ikkje alltid gir eit presist bilete av den individuelle risikoen for brystkreft. Nokre kan få for mykje oppfølging, medan andre kanskje får for lite.
Derfor ønskjer vi å teste ut eit nytt verktøy som heiter CanRisk. Dette er eit nettbasert program som bereknar risikoen for bryst- og eggstokkreft ved å sjå på fleire faktorar – som genetikk, familiehistorie og kliniske opplysningar. Målet er å gi kvar enkelt pasient ei meir nøyaktig vurdering av risikoen, og dermed betre tilpassa oppfølging.
Vi gjennomfører no ein pilot undersøking der 50 pasientar blir inviterte til å delta. Pasientar som blir invitert og ynskjer å væra med, vil få vanleg utgreiing og oppfølging som i dag, men i tillegg vil vi bruke CanRisk til å berekne din personlege risiko for brystkreft. Vi vil så samanlikne dagens anbefalingar med dei anbefalingane du ville fått dersom CanRisk blei brukt som støtte i vurderinga.
Denne undersøkinga vil hjelpe oss med å finne ut om CanRisk kan brukast i norsk helsevesen på ein trygg og effektiv måte – til beste for pasientane. Målet er å sikre god ressursbruk, unngå unødvendige undersøkingar og gi rett oppfølging til dei som treng det.