Kvalitet og akkreditering

Mikrobiologisk avdeling er akkreditert av Norsk Akkreditering.

Akkreditering

Logo

Avdelinga er akkreditert etter standarden NS-EN ISO 15189, Medisinske laboratorier. Krav til kvalitet og kompetanse.

Akkrediteringa innebærer at avdelinga sine produkt og tenester oppfyller definerte krav til kvalitet og at det er eit system for å overvake og dokumentere at krava blir tilfredsstilte. 

Standarden er spesielt tilpassa medisinske laboratorium og omfattar heile prøveprosessen frå rekvirering, prøvetaking, prøvehandtering, analysering til svarrapportering, rådgiving og tolking. Det blir også sett spesifikke krav til intern kvalitetskontroll og deltaking i ekstern kvalitetsvurdering.​ ​

Akkrediteringsbeviset vårt (pdf)

Akkrediteringsomfang for TEST 290

Norsk akkreditering

 

Mikrobiologisk avdeling

Sist oppdatert 04.06.2024