Vi er akkreditert
Akkreditering
Laboratoria sine metodar er akkreditert etter standarden NS-EN ISO 15189, Medisinske laboratorier. Krav til kvalitet og kompetanse.


Akkrediteringa inneber at avdelinga sine produkt og tenester oppfyller definerte krav til kvalitet, og at det er eit system for å overvake og dokumentere at krava blir tilfredsstilte.
Standarden er spesielt tilpassa medisinske laboratorium og omfattar heile prøveprosessen frå rekvirering, prøvetaking, prøvehandtering, analysering til svarrapportering, rådgiving og tolking. Det blir også sett spesifikke krav til intern kvalitetskontroll og deltaking i ekstern kvalitetsvurdering.
For akkrediteringsomfang, sjå TEST 307.
(Akkrediteringa gjeld manuell snitting, ikkje snitterobot)
Avdeling for patologi kan ikkje tilby akkrediterte tenester for analysen HPV. Denne er suspendert fram til instrumentet Alinity er godkjent akkreditert. Søknad om akkreditering for HPV på instrument Alinity er under behandling hos Norsk akkreditering, og ventast godkjent ila eit par månader. Laboratorieaktivitetene blir utført iht krava i ISO 15189 til kvalitet og kompetanse.
Seksjon for Rettsmedisin og medisinske obduksjoner, Gades Institutt er akkreditert etter standarden NS-EN ISO/IEC 17020:2012 - Samsvarsvurdering - Krav til drift av ulike typer inspeksjonsorganer, type C.

Denne standarden stiller særskilte krav til ulike punkt som: Upartiskheit og uavhengigheit, konfidensialitet, personell, utstyr, inspeksjonsmetodar, handtering av prøvar/objekt for inspeksjon, inspeksjonsrapportar og krav til styringssystemet. Type C viser til graden av uavhengigheit til det inspiserte objektet, der uavhengigheita her er knytta til inspektørane som utfører inspeksjonen (obduksjonen).
For akkrediteringsomfang, sjå INSP 065.
(Akkrediteringa gjeld ikkje rettsmedisinske obduksjonar)