Jobbe hos oss?

Avdeling for patologi er ein av Laboratorieklinikken sine fem store avdelingar, og er delt inn i fleire seksjonar: Histologi, autopsi, cytologi og merkantil seksjon.

En gruppe mennesker iført hvite labfrakker

Seksjon for histologi har fleire spesialfunksjonar som nevropatologi, nyrepatologi, oralpatologi, elektronmikroskopi og immunhistokjemi. Avdelinga har stor forskingsverksemd i samarbeid med Universitet i Bergen og andre einingar i sjukehuset, mellom anna Biobank Haukeland. Avdelinga sine laboratoriemetodar og autopsiseksjonen sine tenester er godkjende av Norsk akkreditering.

Avdelinga har over 140 tilsette, derav overlegar, legar i spesialisering, bioingeniørar, ingeniørar, molekylærbiologar, fagarbeidarar og merkantilt tilsette. Vi tar årleg imot ca. 110.000 prøvar og utfører om lag 300 obduksjonar. Vi er mange fagpersonar som arbeider tett saman og har eit stort fokus på kvalitet og pasientsikkerheit.

Fagområdet patologi vil i åra som kjem gjennomgå store endringar med innføring av ny teknologi. Digitalisering fører til endringar i arbeidsflyt og arbeidsprosessar, og legge til rette for bruk av kunstig intelligens. Molekylære analysar aukar og er organisert på Laboratorieklinikknivå, i Seksjon for kreftgenomikk. 

Avdelinga skal moderniserast og er under ombygging for å kunne ta imot den aukande mengden prøvar som blir venta i åra som kjem. Seksjon for cytologi har stor variasjon i analyserepertoar, frå molekylærbiologisk analyse av HPV til mikroskopisk screeningundersøking av cervixprøvar og flowcytometri. 

Ved Seksjon for histologi ventar vi ein betydeleg aktivitetsauke framover med krav til korte svartider og auka bruk av tilleggsundersøkingar som immunhistokjemi og molekylære analysar. Ved Seksjon for autopsi har vi færre obduksjonar enn tidlegare, men obduksjonane som blir gjort er meir komplekse.


Er du interessert eller har spørsmål?

Send oss gjerne ein epost 

Sist oppdatert 15.12.2016