Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Seksjon for cytologi
Cytologi er læren om cellene.
Cytologi er læra om cellene. Cellene kan enten skrapast av frå overflata av hud eller slimhud (td celleprøve frå livmorhals), dei kan bli trekt ut med ei tynn nål frå ein kul på halsen, bryst eller lunge, eller dei kan isolerast frå kroppsvæsker (urin, serøse væsker mm).
Cytologisk seksjon består av eit laboratorium med laboratoriepersonell (bioingeniørar), og ei screener-eining med screenerar. Seksjonen tek årleg imot omlag 45 000 gynekologiske prøvar, der dei fleste er frå livmorhalsen og i eit ledd av screeningprogrammet mot livmorhalskreft. Vi tek også imot ca. 6 000 punksjonar og væsker frå ulike organ og hulrom som lunge, bryst, urin og spinalvæsker. På laboratoriet vert prøvane registrert, preparert, og cellene farga i ein fargemaskin. Alt cytologisk materiale blir preparert på eit objektglas. Hovudmengda av dei gynekologiske prøvane er no væskebasert, og prepareringa er i stor grad automatisert. Materialet frå punksjonar og væsker (non-gyn-preparat) blir preparert og farga manuelt av teknisk personell på laboratoriet.
Fagpersonellet ved seksjonen utgjer i hovudsak bioingeniørar med spesialutdanning innan klinisk cytologi. Dei har ansvar for å sjå på prøvane (screene), og gjere ei vurdering av materialet i samarbeid med ansvarleg lege. Lysmikroskopi er den grunnleggande analyseteknikken som blir brukt for å stille diagnose. Screenerane er også involvert i andre gjeremål, som HPV-testing, poliklinisk verksemd, flowcytometri mm.
Seksjonen har fleire instrument til bruk for preparering av materiale og analyse, mellom anna HPV-testing. Seksjonen har tatt i bruk digitalcytologi, der utstryk blir skanna med ein spesialisert skanner for cytologiske prøver. Prøvene vert så vurdert av bioingeniør og ansvarleg lege.