Rekvisisjonar

Rett utfylling av rekvisisjonsskjema og merking av prøvane er ein føresetnad for at prøvar skal kunne bli analysert og vurdert. Alle prøvar skal ha tilhøyrande rekvisisjon.

​​​​​​​​​​​​Dei aller fleste prøvane laboratoria tilbyr, finst på dei ulike rekvisisjonsskjema. Ønskje om andre analysar som finst på analyseoversikten.no​, kan førast på skjema i tillegg. 
 

Alle prøvar som blir levert til laboratoria skal ha tilhøyrande rekvisisjon.

​​​​​For at prøven skal få ei sikker og korrekt behandling, må følgjande påførast:

  • ​Pasienten sitt navn og fødselsnummer (11 siffer)
  • Pasienten sitt postnummer og poststad
  • Dato og klokkeslett for prøvetaking og initialar på prøvetakar
  • Rekvirenten sitt navn og adresse, helst med føretakskode og legekode/helsepersonellnr.  


Det er viktig at rekvirerte analysar blir kryssa av nøyaktig i skjemaruta då enkelte rekvisisjonar blir lesne optisk.

I tillegg ønskjer vi at du oppgir kven som skal betale for analysane (Poliklinikk/Helfo, institusjon, bedrift eller andre).

Kliniske opplysingar av betyding for laboratoriet si vurdering av analyseresultata må vere påført.
For prøvar til bakteriologisk dyrking, må rekvisisjonen innehalde informasjon om pasienten får antibakteriell behandling. Det skal alltid opplysast om lokalisasjon for prøvetaking av prøvar til bakteriologisk dyrking 

Har du spørsmål om kva analysar som er relevante, kan du kontakte laboratorielege, sjå telefonnummer til laboratorieavdelingen i analyseoversikten.no

Ved mistanke om eller kjent blodsmitte (hepatitt eller HIV), skal rekvisisjon og prøve merkast med gul lapp (gul tusj kan og nyttast).

Det kan vere aktuelt for laboratoriet å tilleggsrekvirere analysar på bakgrunn av kliniske problemstillingar på innsendt prøvematerial. Rekvirentar kan reservere seg mot denne tilleggsrekvireringa ved å henvende seg til leiinga på laboratoriet, krysse av på rekvisisjonsskjema der det er mogleg eller oppgje dette i kliniske opplysingar.​

Rekvirenten kan tilleggsrekvirere analysar på allereie innsendt prøvemateriale dersom det er innafor haldbarheitstida. 

Ved ønskje om undersøkingar som ikkje vert utført ved laboratoria hjelper vi rekvirenten så langt det er mogeleg med vidaresending av prøvar til aktuelt laboratorium. Nokon prøvar og isolat vert sendt til eit henvisingslaboratorium i samband med epidemiologisk overvaking angitt i nasjonale retningslinjer, referanseundersøkingar der eintydig identifikasjon ikkje kjem fram eller ved behov for verifisering av funn og eventuelt supplerande undersøkingar.
Val av henvisningslaboratorium vert gjort, i prioritert rekkefølgje, etter følgjande kriterier:

  • Dersom det er oppnevnt eit nasjonalt referanselaboratorium for eit gitt agens skal vanlegvis dette laboratoriet veljast.
  • Dersom det finst eit akkreditert laboratorium innan eige regionalt helseføretak som utfører ein gitt analyse, skal dette laboratoriet nyttas framfor laboratorium utanfor føretaket.
  • Akkreditert laboratorium utanfor eige regionalt helseføretak skal veljast før eit ikkje-akkreditert laboratorium innan eige regionalt helseføretak.

Enkelte av våre rekvisisjonsskjema, kan bestillast frå Analyseoversikten.

Rekvisisjonsskjema:

 
Spesialrekvisisjoner for hormonserie (belastning)


Elektronisk brukerhåndbok for våre laboratorieanalysar, bestilling av prøvetakingsmateriell og Lab-info:Analyseoversikten    

 

 

 

Sist oppdatert 12.02.2024