Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobb hos oss på Lungeavdelinga

Er du på jakt etter ein arbeidsplass der du får brukt heile sjukepleiarkompetansen din, utvikle deg fagleg og vere ein viktig del av eit sterkt fellesskap? Då kan Lungeavdelinga vere noko for deg!

En gruppe mennesker i hvite frakker

Kven er vi? 

Lungeavdelinga ved Helse Bergen består av to sengepostar: Lunge 1 og Lunge 3. Her jobber både helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistentar, samt sjukepleiar- og medisinstudentar. Her møter du pasientar med eit breitt spekter av lungesjukdommar – blant anna kols, lungebetennelse, astma, respirasjonssvikt, lungekreft og cystisk fibrose. Vi har òg eigne luftsmitteisolat for pasientar med tuberkulose. 

Lunge 1 har ein respiratorisk overvakingsseining (ROE) for pasientar som treng pustestøtte og tettare medisinsk oppfølging. 
Lunge 3 har særleg kompetanse på kreftrelatert lungesjukdom, og tek imot pasientar med lungekreft og alvorlege infeksjonar som krev langvarig oppfølging og god palliasjon. 

Mange av pasientane våre blir òg følgde opp vidare ved lungepoliklinikken. 

Kvifor velje Lungeavdelinga? 

Hos oss får du ein variert og lærerik kvardag – ingen dagar er like! Vi tilbyr: 

  • Eit sterkt og støttande tverrfagleg miljø 
  • Opplæring og rettleiing for nytilsette 
  • Høve til fagleg utvikling, vidareutdanning og spesialisering 
  • Aktiv deltaking i kliniske mikroteam og forbetringsarbeid 
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Mogelegheit for langvaktar på helg 
  • Årsturnus med mogelegheiter for å påvirke egen arbeidskvardag 

 

Det beste med jobben er å kunne bidra i kritiske situasjonar, og samtidig få vere ein trygg støtte for pasientane over tid. Det faglege nivået er høgt, og eg kjenner at eg stadig utviklar meg.
Sjukepleiar ved Lungeavdelinga 

Kven ser vi etter? 

Vi ser etter deg som er engasjert, lærevillig og trygg i møte med pasientar – og som ønskjer å arbeide i eit miljø der både fagleg utvikling og godt samarbeid er i fokus. Erfaring frå sjukehus eller respiratorisk behandling er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon for å lære og eit oppriktig ønskje om å bidra. 

Arbeidstid 

Du jobbar i tredelt turnus – dag, kveld og natt – med høve for fleksible stillingsstorleikar. Vi er òg i oppstart med å tilby langvaktturnus på helg. 

Det finst i tillegg moglegheiter for kombinasjonsstillingar, til dømes i samarbeid med avanser heimesjukehus (AHS), lunge poliklinikk og på tvers av sengepostene.  

Vil du bli ein del av Lungeavdelinga? 

Vi håpar det! Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, eller om du ønskjer å komme innom for ein uformell prat. Hos oss får du høve til å bidra, lære og utvikle deg – i eit arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode. 

Velkommen til Lungeavdelinga – her pustar vi for faget! 

Sist oppdatert 07.10.2025