Inhalasjonsteknikk og bruk av medisinar
Dei fleste som lever med kols, brukar inhalasjonsmedisin. Inhalasjonsmedisinar kan lette tung pust, redusere slimplager og pipelydar frå lungene. Det fine med inhalasjonsmedisin er at dei verkar lokalt i luftvegane og dermed kan biverknadane reduserast.
Inhalasjonsmedisinane kan verke på ulike måtar.
Utvidande inhalasjonsmedisin
Dei fleste betrar pusten ved at muskulaturen i luftvegane slappar av; luftvegane opnar seg, slik at lufta kan passere lettare. Det finns langtidsverkande inhalasjonsmedisin som verkar i 12-24 timar. Denne skal ein ta 1 eller 2 gongar for dagen fast. Det finns også inhalasjonsmedisin med rask verknad. Ein vil oppleve effekt etter få minutt, og effekten varer i omkring 4-6 timar. Hurtigverkande medisin kan ein ta fast eller ved behov; gjerne i forkant av fysisk belastning eller ved tung pust-anfall. Biverknader av muskelavslappande inhalasjonsmedisin kan vere hjartebank, skjelvingar og tørre slimhinner.
Medisin som dempar betennelse (inhalasjonsstereoidar)
Nokre langtidsverkande inhalasjonsmedisin dempar betennelsesreaksjonar i hovne slimhinner i luftvegane. Denne typen medisin verkar over lang tid og skal tas 1 eller 2 gongar for dagen. Biverknader kan vere sopp i munn og svelg eller hes stemme. Det er difor viktig å alltid skylje munnen etter inhalasjon.
Korleis velge inhalator?
Det finns eit stort utval av inhalatorar. Mange brukar ein inhalator som inneheld ein kombinasjon av to eller tre ulike verkestoff. Lege vurderer kva type medisin som er best for deg, avhengig av lungefunksjon, kor mykje symptom du har frå luftvegane og om du har hyppige forverringar av lungesjukdommen.
I samråd med lege, kan du vere med å velge kva inhalator som passar best for deg. Det finns både tørrstoffinhalatorar og inhalatorar som er basert på sprayaerosolar. Det er svært viktig å bruke riktig teknikk når ein inhalerer medisinen. Ved feil inhalasjonsteknikk har ikkje medisinen den effekten skal ha, og du kan få meir og fleire biverknadar. Særleg gjeld dette dersom medisinen kjem inn i munnen og ikkje heilt ned i lungene. Merk at det er ulik inhalasjonsteknikk ved bruk av tørrstoffinhalatorar og sprayaerosolar. Spør gjerne sjukepleiar ved Lungerehabiliteringa eller tilsette ved apoteka, om dei kan gje deg rettleiing i riktig inhalasjonsteknikk.
På Felleskatalogen kan du sjå demonstrasjon av ulike typar inhalatorar
Kjelder
- Apotekforeningen. Bruker du inhalatoren riktig?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 30. mars 2023 [hentet tirsdag 10. juni 2025]. Sidekjelde
- Bakke, P.S. & Høines, K.J. (2019). Legemidler mot kols. Tidsskrift for Den Norske Legeforening, Vol 139. DOI: 10.4045/tidsskr.19.0181. [Lastet ned fra tidsskriftet.no 10. juni 2025] Sidekjelde
- Borge, C.R. (2021). Helseveiledning og mestring ved lungesykdom. Kapittel 11. T. Oksholm & C.R. Borge (Red.), Lungesykepleie (1. utg., s 167-168). Fagbokforlaget.
- Dansk Lægemiddel information A/S og Felleskatalogen. AS Bruk av inhalatorer. Felleskatalogen.no. Sidekjelde
- Helsedirektoratet (2012-11-01T00:00). Nasjonal faglig retningslinje for diagnostisering og behandling av kronisk obstruktiv lungesykdom (kols) [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet (siste faglige endring 15. februar 2022, lest 11. juni 2025). Sidekjelde