Inhalasjonsteknikk og bruk av medisiner
Dei fleste som lever med kols, brukar inhalasjonmedisin. Det fine med inhalasjonsmedisin er at dei verkar lokalt i luftvegane og dermed vert t.d. biverknadane færre.
Dei fleste som lever med kols, brukar inhalasjonmedisin. Det fine med inhalasjonsmedisin er at dei verkar lokalt i luftvegane og dermed vert t.d. biverknadane færre.
Inhalasjonmedisinane betrar pusten ved at muskulaturen i luftvegane slappar av; luftvegane opnar seg, slik at lufta kan passere lettare. Det fins langtidsverkande inhalasjonsmedisin som verkar i 12-24 timar. Denne skal ein ta 1 eller 2 gongar for dagen fast. Og det fins inhalasjonsmedisin med rask verknad. Ein vil oppleve effekt etter få minutt, og effekten varer i ca 4-6 timar. Hurtigverkande medisin kan ein ta fast eller ved behov; gjerne ved tung pust-anfall eller i forkant av fysisk belastning.
Biverknader av muskelavslappande inhalasjonsmedisin kan vere hjartebank, skjelvingar og tørre slimhinner.
Nokre langtidsverkande inhalasjonsmedisin dempar betennelsesreaksjonar i hovne slimhinner i luftvegane. Denne typen medisin verkar over lang tid og skal tas 1 eller 2 gongar for dagen. Biverknader kan vere sopp i munn og svelg eller hes stemme. Det er difor viktig å alltid skylle munnen etter inhalasjon.
Det fins etter kvart eit stort utval av inhalatorar. Mange brukar ein inhalator som inneheld ein kombinasjon av fleire ulike verkestoff. Lege vurderer kva type medisin som er best for deg, avhengig av lungefunksjon og kor mykje luftvegssymptom du har.
I samråd med lege, kan du vere med å velge kva inhalator som passar best for deg. Det er svært viktig å bruke riktig teknikk når ein inhalerer medisinen. Ellers har ikkje medisinen den effekten skal ha og biverknadane kan bli større. Særleg gjeld dette dersom medisinen kjem inn i munnen og ikkje heilt ned i lungene.
På felleskatalogen kan du sjå demonstrasjon av ulike typar inhalatorar