Røykeslutt
Å slutte å røyke er det beste du kan gjere for helsa di. Dersom du røyker og har kols vil det å slutte, hindre vidare tap av lungekapasitet. Dei fleste vil oppleve betre pust og mindre hoste og slim.
Mange kan oppleve endringar i kroppen ganske kort tid etter ein har slutta å røyke.
Kva skjer med kroppen når du sluttar å røyke?
Nokre opplever det å slutte som lettare enn dei trudde, mens andre synes det er krevjande. Nokre sluttar på dagen mens andre treng tid. Det er kan vere nyttig å bruk litt tid på å førebu seg på å slutte. Det viktigaste er å bestemme seg.
Sist oppdatert 04.06.2024