Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eldremedisinsk symposium

Fagråd for geriatri, Haukeland universitetssjukehus (HUS), har saman med Geriatrisk seksjon, HUS, og Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM), gleda av å invitere til eldremedisinsk symposium. Det er eit gratis arrangement som inkluderer servering. 

1.
oktober
2025
  1. 01. okt. 2025, 08:30 - 15:00
Påmelding

Tid og stad

Når

  1. 01. okt. 2025, 08:30 - 15:00

Kvar

Grand Hotel Terminus
Zander Kaaes gate 6
5015 Bergen

Påmelding

Frist for påmelding: 15. sep. 2025
Bindande påmelding

- Sprei ordet og hald av datoen!  

Det blir ein dag fullspekka med spennande og variert innhald. Aktuelle tema for dagen er mellom anna demografisk utvikling og eldremedisinske utfordringar i eit pressa helsevesen, teknologi og digitale helsetenester - korleis vil framtidas helseteneste for eldre sjå ut, korleis kan nye samhandlingsløysingar mellom kommunar og sjukehus bidra til betre pasientforløp, korleis kan skrøpelighetsvurderinger bidra til rett prioritering og individuelt tilpassa pasientforløp, og kva skjer med geriatrisatsinga på HUS.   

Symposiet er også ei markering av opninga av Geriatrisk seksjon og sengepost på HUS 1. september.  

Målgruppa er alle som har interesse for og som jobbar med geriatriske pasientar, eller som jobbar med å forbetre helsetilbodet til eldre.  


Vi har fått med oss dyktige og anerkjende foredragshaldarar:
 

Paal Naalsund, seksjonsoverlege Geriatrisk seksjon, Haraldsplass diakonale sjukehus  

Anna Helle-Valle, psykolog, PhD, Aldring og helse, Oslo  

Nina Ommundsen, PhD, geriatar, overlege, Ullevål sjukehus, Oslo universitetssjukehus HF  

Ingelin Testad, professor, senterleiar Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM), og Martha Therese Gjestsen, postdoktor, forskingskoordinator SESAM  

Bettina Husebø, professor Universitetet i Bergen, leiar Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS)  

Svein Ivar Fylkesnes, geriatar og sjukeheimslege, Kvam herad  

Hans Kristian Flaatten, professor emeritus, spesialrådgivar, Forskings- og utviklingsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus  

Tommy Nybakk, avdelingssjef, Akuttmedisinsk avdeling, Kirurgisk serviceklinikk, Haukeland universitetssjukehus  

Ann Kristin Berge, seniorrådgivar, Byrådsavdeling for helse og omsorg, Bergen kommune, og Anja Lundberg Bang, prosjektleiar Bergen kommune, begge med i Fagleg samarbeidsutval (FSU) for eldre med skrøpelegheit, Helsefellesskapet i Bergensområdet  

Katinka Alme, PhD, seksjonsoverlege, Geriatrisk seksjon, Haukeland universitetssjukehus  

Ragnhild Skogseth, førsteamanuensis, Universitetet i Bergen, overlege, Geriatrisk avdeling, Haraldsplass diakonale sjukehus  

Ingunn Bringsvord Nilsen, einingsleiar, Enhet for vurdering og rehabilitering, Bergen kommune  

  

Ferdigstilt program blir sendt ut over sommaren.

Bindande påmelding blir send til sb_hbe_fagrdgeriatri@ihelse.net innan 15. september 2025.

Ved påmelding informér om eventuelle allergiar. Ved behov for hotellovernatting, må dette avtalast og dekkjast sjølv.   

 

Ved spørsmål ta kontakt med sekretariatet i Fagråd for geriatri på HUS: 

 

 

Kontakt