Illustrasjon med tegning av kvinnekropp omgitt av dna modeller

Forskingsregister og biobank for immunsvikt Vestland

Forskingsregister og biobank for immunsvikt Vestland er ein samling av data og biologiske prøver frå pasientar med kjent eller mistenkt medfødt svikt i immunforsvaret, men vil også inkludere andre pasientgruppar der ein mistenker at forstyrrelser i immunsystemet er ein årsak til sjukdommen. Formålet med registeret og biobanken er meir forsking på pasientar med immunsvikt og autoimmunitet, som vil føre til betre diagnostikk, persontilpassa oppfølging og målretta behandling.

Immundysregulering (eller immunsvikt) er ein paraplybetegning for fleire ulike diagnosar. Pasientane som lider av desse tilstandane har ein disposisjon for å bli alvorleg sjuke av ulike typar infeksjonar. Ved medfødt immunsvikt er sjukdommen forårsaka av genfeil (mutasjonar). Dette utgjer ei mangfaldig gruppe pasientar. Fleire av desse tilstandane fører ikkje berre til svikt i infeksjonsforsvaret, men også til auka førekomst av andre sjukdomsmanifestasjonar på grunn av ukontrollert inflammasjon (betennelse). Opphopning av autoimmunitet i individiet eller i familiar kan vere ei anna gruppe pasientar som også kjem under paraplyen immunsvikt.

For å mogleggjere forsking som kan betre diagnostikk og behandling ved immundysregulering, har vi etablert ein biobank og eit forskingsregister for immunsvikt på Vestlandet. Biobanken er lokalisert og forankra ved Haukeland universitetssjukehus, men utover i 2024 vil vi også inkludere prøvar og data frå pasientar som blir behandla ved andre sjukehus i regionen. 

Dette er eit viktig steg for å betre forståinga og handteringa av immundysregulering, og det kan bidra til å gi betre behandlingsmoglegheiter for pasientar i framtida.

Biobanken er godkjent av regional etisk komite’ (REK) med nummer 654401, og personvernombodet ved Helse Bergen har rådgitt, og Klinikkdirektør for medisinsk klinikk har godkjent, oppstart av det tilhøyrande forskingsregisteret.

En gruppe mennesker som poserer for et bildeF.V: Eirik Bratland, seksjonsleder, Medisinsk Genetikk, HUS og Forsker, UiB, Anette S. Bøe Wolff, forsker, Endokrinologisk seksjon, HUS og Professor UiB. Initiativtaker til biobanken,Silje H. Kaada: Overlege, Immunologi og Transfusjonsmedisin, HUS, Einar Klæboe Kristoffersen: Avdelingssjef Immunologi og transfusjonsmedisin, HUS og Professor UiB, Kristin Greve-Isdahl Mohn: Overlege, Seksjon for infeksjon, HUS og Professor UiB, Franziskus Bosse: Overlege Barne- og ungdomsklinikken, HUS
Trond Bruun: Seksjonsoverlege, Seksjon for infeksjon, HUS og Førsteamenuensis, UiB, Andreas Benneche: Overlege, Medisinsk Genetikk, HUS
(Ikkje på bildet: overlege Alexander Leiva, MD og overlege Bjørn Barstad, MD)

Alle spørsmål og henvendelsar om registeret og biobanken skal rettast til:

Koordinator Anette S. B. Wolff

E-post: Anette.susanne.boe.wolff@helse-bergen.no

Telefon: 55 97 30 77

Interessegruppa for immunsvikt på Haukeland Universitetssjukehus, med medlemmer frå infeksjonsavdelinga, immun- og transfusjonsavdelinga, endokrinologisk seksjon, medisinsk genetikk og barne- og ungdomsavdelinga er initiativtakarar til biobanken,  registeret og personvernombudet ved Helse Bergen har rådgitt, og Klinikkdirektør for medisinsk klinikk har godkjent, oppstart av det tilhøyrande forskingsregisteret.

Formell eigar er Seksjon for infeksjon, Medisinsk klinikk, Haukeland Universitetessjukehus v/ Seksjonsleiar Trond Bruun.

Koordinator og kontaktperson for registeret er Anette S. B. Wolff, e-post: Anette.susanne.boe.wolff@helse-bergen.no , telefonnummer 55 97 30 77.

Biobanken er godkjent av regional etisk komite’ (REK) med nummer 654401, og personvernombodet ved Helse Bergen har godkjent det tilhøyrande forskingsregisteret. Det er skrevet ein personvernkonsekvensutgreiing for registeret og biobanken (DPIA), og ein eProtokoll-melding er også sendt til personvernombodet.

Registerløysing: FastTrak, DIPS

Biomateriale-handtering og prøvetaking: BioBank Haukeland

Data blir lagra på sikre områder på Helse-Vest IKT sin forskingsserver

Forskningsregister og biobank for immunsvikt Vestland ynskjer å inkludere personar med immunsvikt eller immundysregulering i alle aldre frå Vestland. Når legen din tenker at du er ein mogleg kandidat vil han/ho fortelle deg om registeret og biobanken, og gje deg eit informasjonsskriv. Når du har lest dette skrivet, og du ynskjer å vere med, så må du signere samtykke-erklæringa som ligg vedlagt. Vi har også utvikla informasjonsskriv for barn som kan lese, men det er alltid du som foreldre/føresett som må signere på vegne av barn som er under 16 år. Er du over 16 år så vil du måtte signere sjølv.

Skjema for informasjon og signert samtykke finn du under overskriften Skjema. 

Det vil alltid vere mogleg for deg/ditt barn å få innsyn i det som står om deg i registeret, og kva prøvar biobanken har frå deg. Du kan også rette opplysningar, og om du ikkje ynskjer å vere med meir, så kan du når som helst trekke ditt samtykke. Då må dei ansvarlege for biobanken og registeret slette data og prøvar om/frå deg innan 1 månad.

Dersom du har spørsmål om registeret og/eller biobanken, eller ynskjer innsyn eller eventuell sletting, så ta kontakt med koordinator for registeret: Anette.susanne.boe.wolff@helse-bergen.no, tlf 55973077. 

Forskningsregister og biobank for immunsvikt Vestland ynskjer å inkludere personar med immunsvikt eller immundysregulering i alle aldre frå Vestland. Når du veit om ein aktuell kandidat, så ynskjer vi at du forteller vedkommande om biobanken og registeret, gir han/ho informasjonsskrivet, og at du er tilgjengeleg for spørsmål frå deltakaren. 

Når den aktuelle kandidaten har fått tid til å lese informasjonsskrivet så skal han/ho signere samtykkeskjemaet dersom vedkommande vil vere med. Du som helsepersonell skal samle samtykkeskrivet på ein sikker, låst stad, og gje dette til koordinator med jamne mellomrom. NB! Dersom kandidaten er under 16 år så finst det tilpassa informasjonsskriv (sjå under "Skjema-fana", men foreldre skal signere samtykkeskrivet.

Skjema for informasjon og signert samtykke finn dun under overskrifta Skjema. 

Dersom du har spørsmål om registeret og/eller biobanken, så ta kontakt med koordinator for registeret: Anette.susanne.boe.wolff@helse-bergen.no, tlf 55973077. 

Biobanken er godkjent av Regional Etisk komite, nr 654401.

Her finn du informasjonsskriv og samtykkeskriv for registeret og biobanken.  

Samtykke_immunsvikt_Vestland_2024.pdf

Informasjonsskriv til barn og ungdom 12-16 år_2024.pdf

Informasjonsskriv til barn under 12 år_2024.pdf

 

Sist oppdatert 06.09.2024