Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Slik passar du på hickman-kateteret heime

Hickman-kateter

Eit Hickman-kateter er eit langtids sentralt kateter. Kateteret er eit mjukt plastrøyr som blir lagt inn i ein stor vene ved hjartet. Like innanfor kateterutgangen er det ein “krage” eller såkalla cuff. Cuffen gror fast i vevet og bidrar til å halde kateteret i ro. Den hindrar også mikroorganismar i å komme inn gjennom kateteret.

Hickman-kateter

Bildeforklaring

  • Innstikkstad (gul pil) - der kateteret er lagt inn i venen, oftast ved kragebeinet. Sjølve kateteret er ikkje synleg ved innstikkstaden, men blir gjenkjent ved ein sutur (+ bandasje) eller eit arr.
  • Kateterutgang (grøn pil) - staden der kateteret kjem ut gjennom huda.
  • Kateterklemmen (Raud pil) - skal alltid lukkast over den tjukke delen av kateteret «CLAMP HERE». For å unngå slitasje – unngå å klemme på same plass kvar gong. 

 

Kvifor må Hickman-kateter stellast?

Korrekt stell og handtering av Hickman-kateter hindrar infeksjonar. Det førebygger komplikasjonar som lokal kateterrelatert infeksjon og kateterrelatert blodbaneinfeksjon.

 

Når skal bandasjen skiftast?

  • Kvart 7. døgn skal den gjennomsiktige (semipermeable) bandasjen bytast.
  • Bandasjen skal også skiftast om den losnar, leke og dersom væske eller blod samlar seg under bandasjen.

 

Generelle prinsipp

  • Pass på at katetersystemet er fylt med væske.
  • Kateterklemma skal vere stengd når ikkje sprøyte eller infusjonssett er tilkopla.
  • Skyv aldri eit forskyvd (dislokert) kateter tilbake i venen.

 

Infeksjonsførebyggande tiltak

Ved alle til- og fråkoplingar, kateterhandtering, bandasjeskift, stell av innstikkstaden, eller skyljing og fjerning av kateteret skal:

  • Handdesinfeksjon blir utført straks før og etter gjennomføring.
  • Aseptisk eller Non-touch teknikk skal brukast.
  • Reduser i størst mogleg grad talet på tilkopla kraner, ventilar og forlengingsslangar.
  • Utfør så få til- og fråkoplingar som mogleg.

 

Inspeksjon og vurdering av Hickman-kateter

  • Sjå over Hickman-kateteret dagleg.
  • Sjå etter infeksjonsteikn rundt innstikkstaden (raudheit, hevelse, smerte og varme)
  • Sjekk at bandasjen er tørr, rein, dekker innstikkstaden og er godt festa.
  • Kontakt lege dersom du har mistanke om kateteret kan vere forskyvd (dislokert).

 

Aseptisk teknikk eller «non-touch teknikk»

Ein av desse teknikkane skal brukast ved stell av Hickman-katetetet. Val av teknikk avheng av utøvaren si erfaring. Meir om teknikkane lenger nede på sida. 

 

Utstyr som du treng ved stell

  1. Overflatedesinfeksjon 70% til desinfeksjon av arbeidsbord
  2. Hanskar. Sterile hanskar når aseptisk teknikk blir nytta.
  3. Klorheksidinsprit 5 mg/ml til huddesinfeksjon
  4. Saltvansoppløsning NaCl 9mg/ml
  5. Skiftesett
  6. Reine hanskar
  7. Bandasje
  8. Munnbind
  9. Stellefrakk (når andre enn pasienten skal stelle)
  10. Ekstra sterile kompressar
  11. Eingongs barberhøvel ved behov for hårfjerning.
Utstyr du trenger til oppdekking
Hanskar, munnbind og stellefrakk

 

Fjerning av bandasje - slik går du fram

 

Desinfiser arbeidsbordet med 70 % overflatedesinfeksjon. 
Desinfiser deretter hendene med Klorheksidinsprit 5 mg/ml.  
Ta på reine hanskar. Dersom andre enn pasienten sjølv 
skal utføre stellet, skal vedkomande ta på stellefrakk og munnbind  
Når du fjernar bandasjen er det viktig å ikkje få drag i kateterslangen: Fjern bandasje forsiktig ved å løsne frå ytre kant og innover, i retning frå bryst mot hals.

  • Vurder om hårfjerning er nødvendig. Dersom dette er aktuelt,
    sjå avsnitt om hårfjerningsprosedyre.
  • Sjekk hud og innstikkstad for infeksjonsteikn og
    sjå at kateteret har ikkje har flytta på seg/ forskyvd seg (dislokert).
Ta av hanskane

 

Desifiser hendene med Klorheksidinsprit 5 mg/ml.

 

Aseptisk eller non-touch teknikk

Aseptisk teknikk
Bruk sterile hanskar og eit arbeidsbord der du pakkar ut det sterile utstyret Sterile hanskar skal vere på når du er i kontakt med sterilt område og sterilt utstyr. Sjå Folkehelseinstituttet sin informasjon om korleis ta på sterile hanskar:  hvordan-ta-pa-sterile-hansker.PDF  

  Desinfiser hendene med Klorheksidinsprit 5 mg/ml.   
  1. Fjern eventuelle blodrestar og sårsekret med steril pinsett og kompressar / tupfere godt fukta med saltvassoppløysinga NaCl 9 mg/ml.

  2. Fukt sterile kompressar / tupfere med rikeleg mengde klorheksidinsprit 5 mg/ml.

Ta på sterile hanskar. Sjå korleis her,

Desinfiser frå innstikkstaden og utover slik at huda er synleg fuktig og gni kateterslangane i minst 15 sek.

Desinfiser innstikkstaden, hudområdet rundt og den delen av kateteret som skal dekkast av steril bandasje med tilstrekkeleg mengde klorheksidinsprit ved hjelp av steril pinsett og tupfere / kompressar.

La hud og kateter lufttørke i minst 30 sek.

Legg på ny bandasje. 

Pass på at innstikkstaden blir godt dekt av bandasjen og at denne gir god fiksasjon av kateteret.

  Dokumenter dato og klokkeslett for bandasjeskift på bandasjen.

Ta av dei sterile hanskane

 

 

Non-touch teknikk - rein teknikk
I staden for sterile hanskar berøres områda ved hjelp av sterile kompressar eller instrument som for eksempel: steril pinsett. Slik unngår du direkte berøring med hendene på område som skal behandlast aseptisk (fri for bakteriar, virus og sopp).

 

Utfør handhygiene med Klorheksidinsprit 5 mg/ml.  Ta eventuelt på reine hanskar ved risiko for blodsøl.

 

Fjern eventuelle blodrestar og sårsekret med steril pinsett og kompressar/tupfere godt fukta med NaCl 9 mg/ml.Fukt deretter nye sterile kompressar/ tupfere med rikeleg mengde klorheksidinsprit 5mg/ml 

 

Desinfiser innstikkstaden, hudområdet rundt og den delen av kateteret som skal dekkast av steril bandasje med tilstrekkeleg mengde klorheksidinsprit.

Bruk steril pinsett og tupfere / kompressar for å unngå å komme i kontakt med området som skal behandlast aseptisk.

 

Desinfiser frå innstikkstaden og utover slik at huden er synlig fuktig og gni kateterslangane i minst 15 sekunder.

 

La hud og kateter lufttørke i minst 30 sekund.
 Legg på ny bandasje  

 

Sjå til at innstikkstaden er godt dekte av bandasjen og at denne gir god fiksasjon av kateteret.

Dokumenter dato og klokkeslett for bandasjeskift på bandasjen

Utfør handhygiene

 

Hårfjerning

Dersom hårvekst hindrar bandasjefeste, skal hårfjerning utførast med eingongs barberhøvel.

OBS: barbering blir da frårådd det kan medføre små rifter i huda. Dette kan bli ein inngangsport for bakteriar.

 

Framgangsmåte:

  • Utfør handdesinfeksjon
  • Utfør hårfjerning med eingongsbarberhøvel.
  • Utfør handdesinfeksjon.
  • Fjern avklipt hår med tørre kompressar eller kompressar fukta med NaCl 9mg/ml.

 

Slik tar du på sterile hanskar

 

Kontakt sjukehus dersom:

  1. Du ser teikn på infeksjon som: raudheit, smerte, hevelse, feber, frysningar og ev. sårsekret rundt innstikkstaden til kateteret.
  2. Du har mistanke om kateteret kan vere forskyvd (dislokert).  
Sist oppdatert 16.11.2026