Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Medisinsk post for blodsjukdommar

Barn og unge som pårørande

Når nokon i familien blir sjuk kan barn og ungdom sin kvardag bli prega av angst og uro. Barn er flinke til å observere omgivnadane sine, og tolkar endringar som oppstår på sin eigen måte. Barn som manglar kunnskap kan ha fantasiar eller tankar om sjukdommen som er verre enn det som verkeleg er. Nokre barn kan og skulde seg sjølve for at ein i familien er blitt sjuk.

Vi anbefaler å snakke med barn og ungdom for å få vite kva dei tenker om situasjonen. Ved å informere barn og ungdom om sjukdom og behandling, kan det bli enklare for dei å takle familien sin nye situasjon. Vårt råd er å vere ærlig og konkret når du informerer og svarer på spørsmål.

Barn og ungdom kan og ha behov for å samtale om kva dei skal svare når andre i nærmiljøet snakkar om den sjuke. Sjukepleiarane ved posten kan vere til hjelp med å svare på spørsmål frå barna. Vi har og ein eigen sjukepleiar som har spesialisert seg på barn som pårørande.

Det kan vere lurt at barn og ungdom så tidlig som mogleg kjem til sjukehuset for å besøke den sjuke og sjå korleis vedkomande har det. Slik får ein gjerne eit realistisk bilde av situasjonen. Dersom det er vanskeleg å få til, kan det hjelpe og snakke saman på telefon. Det går og an å sende bilde av den sjuke og bilde frå avdelinga.

Sjølv om det blir anbefalt at barn og ungdom kjem på besøk, må dei ikkje bli tvinga til noko dei sjølve ikkje har lyst til. Gi dei tid. Når dei blir informert, har dei gjerne ikkje så mykje å spørje om. Det er viktig at dei sjølve får regulere kor mykje eller lite dei vil snakke om det. Ver ekstra merksam på typiske tidspunkt kor barn eller ungdom vanlegvis plar fortelle noko om seg sjølve, for eksempel når dei kjem heim frå skulen eller når dei legg seg om kvelden.

Vi anbefaler å informere helsesøster, skule og/eller barnehage om situasjonen, slik at barna kan bli sett og ivaretatt i ein vanskeleg situasjon.

Barn og ungdom som kjem på besøk må ha nær relasjon til pasienten. Før besøket bør dei vere førebudde på kva som ventar dei. Det må og avtalast med personalet før barn skal inn på avdelinga. Dette for å avklare om barnet er friskt og om omgivnadane på posten er friske.

Vi anbefaler å:

  • Forklare sjukdommen og behandlinga på en lettfatteleg måte, for eksempel å førebu barnet på kva som har hendt og korleis behandlinga verkar.
  • Førebu barnet på eventuelle endringar av utsjånad, eventuelt vise bilde før besøket.
  • Forklare utstyret som er ved senga, for eksempel intravenøsstativ med pumpe og alle slangane som går inn i pasienten.

Barn og ungdom ønskjer ofte å bidra med noko. Dei kan ta med seg ei teikning eller eit bilde av seg sjølve. Dei kan og bli ivaretatt ved å få vere til nytte for eksempel med praktiske ting som å hente eit glas vatn, noko utstyr eller liknande når dei er på besøk.

På posten kan vi dele ut boka «Kjemomannen Kasper» som er aktuell ved kreftsjukdom. Den gir ei fargerik og illustrert forklaring på kreftsjukdom og behandling, og kan være eit hjelpemiddel i samtale med barn. Vi har og ein film som heiter ”Jeg har ikke gjort leksene mine i dag, min mor fikk kreft i går…”. Filmen viser barn og ungdom sin reaksjon og behov for informasjon når nokon i familien blir alvorleg sjuk. Vi har og brosjyrar om dette temaet.

Som en konsekvens av den medisinske behandlinga har mange pasientar eit svekka immunforsvar. Derfor må ein ta nokre forholdsreglar når barn kjem på besøk til posten. Besøk av barn må planleggast godt og avtalast med personalet på førehand. Barna må vere friske og ikkje ha infeksjonar i øvre luftvegar, tarm, hud, eller ha barnesjukdommar. Det er spesielt viktig at barna ikkje er smitta av vasskoppevirus. 

Barn som har blitt utsatt for smitte kan ikkje komme på besøk. Vasskoppar smittar ved direkte kontakt (dråpesmitte) 1-2 dagar før utslettet kjem, og sjølvsagt når ein har utslett og væskefylte blemmer. Tida frå barnet blir smitta og til sjukdommen bryt ut er 10-23 dagar. Smitte blir overført også i denne perioden. Barn og ungdom som har hatt vasskoppar er ikkje smitteberarar. Vi vil spørje dokke om infeksjonar når besøk blir planlagt og når barna kjem.

God handhygiene er viktig. Sjukepleiar vil informere og rettleie dokke med tanke på handhygiene, og er i samarbeid med dokke ansvarleg for å rettleie barnet. Talet på barn må avgrensast til 2-3 per besøk. Det er viktig at ein vaksen følgjer barna og er på posten under besøket.

Vi tar atterhald ved smittsamme sjukdommar og ”epidemiar” utanfor sjukehuset. Då vil vi vurdere kvart enkelt tilfelle. Snakk med personalet først.

Barn skal følgje retningslinjene for besøk på beskyttande isolat i samsvar med prosedyrar på posten. Personalet rettleier i forhold dette. Barna må ha med eige reint tøy og innandørssko til bruk i isolatet. Dersom barna skal ut av isolatet og inn igjen, må dei på ny skifte om til reint tøy. Barn skal ikkje leike på golvet, det blir rekna som skitten sone. Barna kan ha nokre få leiker på rommet så lenge ein av foreldra er isolert. Større barn og ungdom skal følgje same retningslinjer som vaksne.

Barn skal følgje retningslinjene for bruk av verneutstyr i samsvar med prosedyrar på posten. Personalet rettleiar.

Vi anbefaler at barn under 12 år ikkje får besøke smitteisolat, med mindre det finst sterke psykososiale grunnar for å tillate det. Barn er vanskelege å lære opp og styre i forhold til smitteførebyggande tiltak.

Det er ønskeleg at barnet er i følgje med ein vaksen under besøket. Det er nødvendig at barn på lik linje med vaksne ikkje oppheld seg på andre stader ved sjukehuset før og etter besøk på rom med smitteisolasjon, for å unngå smittespreiing.

Still gjerne spørsmål til personalet.

Sist oppdatert 28.09.2026