Besøk og blomster
Besøksreglar
Visittida er alle dagar mellom kl. 17.00 og 20.00. Det er også mogleg å få besøk utanom denne tida.
Dersom du ligg på einerom, treng ikkje besøkjande å følgje ordinær visittid. Du kan då sjølv regulere når du ønskjer besøk.
Er immunforsvaret ditt lågt, ber vi likevel om at det ikkje er meir enn to besøkjande på rommet samstundes. Det er viktig at alle som kjem på besøk er friske, då du i denne fasen er særleg utsett for infeksjonar. Dersom du er usikker på kva som gjeld, ta gjerne kontakt med sjukepleiar eller lege.
For meir informasjon, sjå brosjyren «Til deg som skal i beskyttande isolat».
Ta kontakt med oss dersom noko er uklart.
Blomstrar - restriksjonar
På grunn av fare for oppvekst av bakteriar i blomsterjord og blomstervatn, er det ikkje lov å ta med avskorne blomstrar (blomsterbukettar) eller potteplanter til inneliggande pasientar.