Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til deg som er pasient ved Medisinsk post for blodsjukdommar

Her finn du praktis informasjon om opphald og rutiner ved seksjonen.

  • 07.00-07.30: Blodprøver
  • 07.30-08.30: Morgenstell
  • 08.30–09.30: Frokost
  • 10.00–11.30: Legevisitt
  • 11.30–12.30: Personallunsj
  • 12.30–13.30: Pasientlunsj
  • 15.30–16.30: Middag
  • 17.00–20.00: Visittid
  • 19.30–20.30: Kveldsmat
  • 20.30–21.30: Kveldsstell
  • 22.00–: Ro

Blodprøver fra Hickmankateter blir tatt mellom kl. 7.00 og 7.30. Prøvetaker fra sengepost kommer mellom kl. 7.00 og 8.00 for å ta blodprøver på de som ikke har kateter. Dersom du har pågående cellegift i Hickmankateteret tas blodprøver perifert fra armen din. Andre prøver og undersøkelser fordeles utover døgnet. Vi måler blodtrykk, puls og temperatur 2-3 ganger daglig i tillegg til at du veies.

Legevisitten går føre seg på kvardagar mellom kl. 10.00 og 11.30. Det er fint om du er på rommet ditt i dette tidsrommet. På laurdagar, sundagar og heilagdagar er legevisitten kortare, og dersom det ikkje er noko spesielt, kjem ikkje legen innom desse dagane.

Det kan vere lurt å skrive ned spørsmål du ønskjer å stille legen. Dersom pårørande ønskjer å vere med på visitten, ber vi om at dette blir avtalt på førehand.

Har du behov for å snakke med lege utanom visitten, kan du gi beskjed til oss, så formidlar vi det vidare.

Ta med deg minst mogleg verdisaker. Dersom du blir akutt innlagd, kan pårørande ta med seg heim verdisaker du ikkje treng på sjukehuset.

Ikkje la verdisaker eller eigedelar liggje synleg framme. Dersom du forlèt senga di, må du ta verdisakene med deg eller be nokon om å halde auge med dei.

Sengeposten har ikkje ansvar for verdisaker som forsvinn under opphaldet.

 

Vi oppmodar deg til å halde det reint og ryddig rundt senga og på nattbordet ditt. Skitne klede skal leggjast i pose på badet etter bruk.

Handhygiene skal alltid utførast før måltid og etter toalettbesøk. Det heng handdesinfeksjon på veggen på rommet ditt, og vi oppmodar deg til å bruke denne.

Vi tilrår at du brukar sko eller tøflar når du går på golvet.

En hånd som holder en kran

    

En hånd som holder en plastflaske

 

 

Det blir servert fire måltid kvar dag. Vekemenyen blir hengt opp på rommet ditt.

Vi har òg ei eiga spisestove i 4. etasje. Her kan du ete måltida dine i ein hyggeleg atmosfære. Spisestova er bemanna med eige kjøkkenpersonale. Vi oppmodar alle som har høve til det om å nytte seg av tilbodet i spisestova.

Måltidstider:

  • Frukost: kl. 08.30–09.30

  • Lunsj: kl. 12.00–13.00

  • Middag: kl. 15.30–16.30

  • Kveldsmat: kl. 19.30–20.30

 

Visittida er alle dagar mellom kl. 17.00 og 20.00. Det er òg mogleg å få besøk utanom dette tidsrommet, men vi ønskjer at dette blir avtalt med personalet på førehand.

Dersom du ligg på einerom på grunn av lågt immunforsvar, treng ikkje besøkande å følgje den vanlege visittida. Då kan du sjølv bestemme når du ønskjer besøk. Sidan immunforsvaret ditt er svekt, ønskjer vi likevel at det ikkje er meir enn to besøkande på rommet om gongen.

Det er òg viktig at dei som kjem på besøk er friske, sidan du i denne fasen er meir utsett for infeksjonar. Dersom du er i tvil om noko, kan du spørje ein sjukepleiar eller lege.

For meir informasjon, sjå brosjyren Til deg som skal i beskyttande isolat.

Vi set stor pris på pårørande og nærværet deira hos kvar enkelt pasient. Vi veit at pårørande betyr mykje for den som er sjuk, og mange ønskjer å hjelpe til og bidra for sine næraste under sjukehusopphaldet.

Dersom du ønskjer å bidra med noko praktisk, kan du til dømes hjelpe til med sengeskift eller med å hente og levere matbrett til pasienten.

Vi ønskjer eit godt samarbeid med alle pårørande, og set pris på tilbakemelding dersom det er noko de ønskjer å peike på eller meiner kan bli betre.

Det er tillate å bruke mobiltelefon på sengeposten, men vi ber om at ringelyden blir sett på så lågt volum som mogleg. Mellom kl. 22.00 og 08.00 skal telefonen ikkje brukast på fleirsengsrom.

Vi ber også om at det ikkje blir teke bilete på sengeposten utan samtykke frå alle som er involverte.

 

Det er mogleg å få permisjon frå sengeposten etter avtale med lege. Reiseutgifter i samband med permisjon må du som hovudregel dekkje sjølv.

Pasientar med livstruande sjukdom kan få dekt reiseutgifter ved permisjon, dersom dette blir stadfesta av legen.

Behandling med cellegift eller strålebehandling mot hovudet kan føre til at du mistar håret. Du kan då få økonomisk støtte til kjøp av parykk, hårerstatning eller hovudplagg.

For meir informasjon kan du søkje hos:

Kreftforeningen under Råd og rettar – Helseutgifter – Parykk og hovudplagg.

Det er forbode med blomster med jord på sengeposten. Pasientar i isolat skal heller ikkje ha avskorne blomster.

 

Ein likemann er ein person som sjølv har hatt kreft, og som brukar erfaringane sine til å støtte og hjelpe andre i ein liknande situasjon. Om lag ein gong i månaden får vi besøk av likemannstenesta på posten. Då har du, om du ønskjer det, høve til ein uforpliktande samtale med ein som tidlegare har vore gjennom mykje av det same som du no opplever.

Ligg i Ibsens gate 118 (like bak pasienthotellet).
Vardesenteret er ein møteplass og eit fristed for deg som er ramma av kreft, og for dine pårørande. Her kan du ta ein pause i kvardagen, møte andre i liknande situasjonar, utveksle erfaringar og få råd, støtte og rettleiing.

 

Ungdomsrommet er ein stad der du som ungdomspasient kan kople av frå behandlinga og «berre vere ungdom». Her kan du vere saman med vener, eller kome hit åleine om du ønskjer det. Rommet skal vere eit fristed utan behandlingspersonell og andre vaksne.

Du finn ungdomsrommet i Glasblokkene, blokk 4 i 3. etasje.

 

Kreftforeningen har mange ulike tilbod for både pasientar og pårørande. Dei tilbyr mellom anna eigne grupper for barn og ungdom som er pårørande til nokon med kreft. I tillegg kan dei hjelpe med informasjon og rettleiing til barnehage eller skule når ein mamma eller pappa har fått ein kreftdiagnose.

Kreftforeningens nettsider

Kreftforeningen låner ut ein Mini One-bil til kreftpasientar og pårørande ved Haukeland universitetssjukehus.

Ta kontakt med Haukeland hotell på tlf. 55 20 92 00, for reservasjon.

    • Du får informasjon om reseptar, sjukemelding og andre viktige ting.
    • Du får eit utskrivingsskjema med:

        • Oversikt over medisinar

        • Oppfølging heime

        • Vidare avtalar

      • Ta med skjemaet til fastlegen.
      • Spør om det du eller dine pårørande lurer på. Personalet i di behandlingsgruppe kan best svare.

      • Ved allogen eller autolog behandling vil du bli beden om å delta i ei brukarundersøking for å gi tilbakemelding på behandlinga. Dette hjelper oss å bli betre.


 

 

 

 

 

 

 


 

 


 

 

Sist oppdatert 17.03.2026