Endoskopi

Avanserte endoskopiske intervensjonsteknikkar

Dei siste åra er det utvikla ei rekkje nye metodar der ein kan gjennomføre mindre kirurgiske inngrep gjennom eit endoskop.

Endoskopet kan anten være plassert innanfor tarmen, eller i andre tilfelle kan det være nødvendig å passere tarmveggen for å jobbe på naboorgan. Målet med slike arbeidsmetodar er å unngå større kirurgiske inngrep gjennom åpen kirurgi. Fleire av desse metodane er lite utbredt og ikkje fullt standardiserte. I slike tilfelle vil endoskopøren så langt som mogleg forklare hensikt, førebuing, metode og risiko i kvart enkelt tilfelle. Behov for bedøving og observasjon vil variere. Ei liste over nokre tilgjengelege metodar omtalast nedanfor.

EMR: Endoskopisk Mucosalreseksjon

Nokre gongar finn ein slimhinne-lesjonar (til dømes polyppar) som innebær vidare risiko for utvikling mot kreft, men som er for store til å fjernast på vanleg måte med slynge. Ved hjelp av injeksjon av vatn, ev. med tilsetningar, kan ein løfte slimhinnelesjonar fram. Vidare kan ein fjerne ganske store lesjonar i mage/tarm med mindre risiko for at det oppstår hol i mage-/tarmveggen. Risikoen for det siste er likevel tilstades, slik at ein må rekne med observasjon i nokre timar, ev. over natta etter inngrepet. Inngrepa vert stort sett gjennomført utan narkose og sparar større kirurgi som ville vore alternativet.

ESD: Endoskopisk Submukosal Disseksjon

Gjennomførast av same grunn som EMR. Kan fjerne større og ev. noko djuparegående lesjonar. Gir god kontroll på skjæreflata og kan brukast på overflatiske lesjonar som allereie har utvikla seg til kreft. Tar lengre tid enn EMR. Risikoen for hol i tarmveggen er tilstades, slik at ein må rekne med observasjon i nokre timar, ev. over natta etter inngrepet. Inngrepa vert ofte gjennomført i narkose og sparar ein for større kirurgi som ville vore alternativet. Dersom ein ikkje lukkast med å få lesjonen ut med EMR, er kirurgi det neste steget.

POEM: Peroral Endoskopisk Myotomi

Brukast til å kutte muskellaget i spiserøyret ved overaktivitet her som er til hinder for matinntak (akalasi). Brukast ved tilbakevendande symptom etter blokking/akalasiblokking med ballong, eller ved spesielt lange akalasiar. Kan erstatte åpen kirurgisk myotomi og innebær mindre smerter og kortare sjukehusinnleggelse. Inngrepet vert gjennomført i narkose og ein må rekne med observasjon over natta etter inngrepet.

Avanserte endoskopiske ultralydveileda inngrep

Ved veileda endoskopisk ultralyd er det mogleg å leggje avlastande stentar i- eller til naboorgan omkring magesekk eller tarm. Denne teknikken brukast for å tømme cyster og abscessar (byllar) eller for å avlaste tarm- eller gallevegar som er avstengt som følgje av sjukdom. Ein kan la store stentar ligge over tid anten for å sikre fri drenasje under tilheling etter infeksjon, eller for å tene som arbeidskanal for å fjerne dødt vev, ved til dømes komplikasjonar etter pankreatittar. Slike store stentar kan også brukast for å halde mage-tarmsystemet åpent der kreftsvulstar hindrar matinntak. Alle desse inngrepa har som hensikt å spare større kirurgi. Dei fleste inngrepa har lindrande effekt. Inngrepa vert ofte gjennomført i narkose og ein må rekne med observasjon over natta etter inngrepet. I nokre tilfelle kan ein gjennomføre inngrep i vaken tilstand med utskriving same dag.

Sist oppdatert 28.02.2024