Kven er vi

Jobb hos oss

I 1. etasje heilt nord i sentralblokka finn du Medisinsk undersøking. Ei avdeling som i hovudsak driv med endoskopi. Vi undersøker og behandlar både medisinske og kirurgiske pasientar, som er både inneliggande og polikliniske.

Vi er ein engasjert og dedikert gjeng, som består av sjukepleiarar, gastrosjukepleiarar, assistentar og sekretærar. Vi har eit tett og godt samarbeid med anestesipersonell og ulike legar som kirurgar, medisinarar og barnelegar. Vi gjer ulike undersøkingar, endoskopiske behandlingar og/eller prosedyrer på pasientar i alle aldersgrupper. Derav gastroskopi, koloskopi, EUS og ERCP. Andre undersøkingar er til dømes ultralyd, leverbiopsi, pH- og manomterimåling, PEG-innleggelsar og sjukepleiedreven PEG-poliklinikk. I tillegg til reprosessering av endoskop- og handtering av endoskopisk utstyr. 

Dagleg blir det gjort opp mot 40-50 undersøkingar, som er fordelt på 10 undersøkingsrom, i tillegg til at vi har eit overvakingsrom. Arbeidsområdet vårt favnar om heile fordøyingssystemet og fordøyingsorgan som spiserøyr, magesekk, tynntarm, tjukktarm, lever, bukspyttkjertel og gallegang. Eit stort og spennande fagområde som involverar mange spesialitetar og ulike behandlingsmåtar. 

Vi har ein årsturnus, der alle arbeider dagvakt, hovudsakleg frå 07.30-15.30. Eit par sjukepleiarar har langvakt frå 07.30-16.30. Kvar dag har to sjukepleiarar vaktfunksjon frå 09.00-17.00. Etter kl. 17.00 går dei med vakttelefon og har heimevakt saman med ein kirurgisk og medisinsk lege. Dette vaktteamet arbeider på kveld, natt og helg for øyeblikkeleg hjelp, til gastrointestinale blødningar, fremmedlegeme og andre hastesaker. Avdelinga er difor operativ 24/7.  

Hos oss har vi eit godt arbeidsmiljø, der tryggheit og kvalitet i pasientbehandlinga er kjerneverdiar. Fagutvikling er viktig for oss, vi har fellesundervisning, internundervisning og alle ansatte får minst eit ressursfelt som fokusområde. Avdelinga vår er spesialisert, og ein blir difor god på fleire varierte endoskopiske prosedyrar og andre meir sjukepleiefaglege prosedyrar som blant anna pvk, blodtransfusjon, overvaking og medisinering.

Sjukepleiarane som arbeider hos oss er dedikerte, positive, nysgjerrige og fagleg interesserte. Vi har varierte kvardagar med ulike utfordringar og oppgåver, der gode kollegaer sikrar eit trygt og godt arbeidsmiljø.

Sist oppdatert 26.02.2024