Hormonsjukdommar

Seksjon for hormonsjukdommar har ansvar for å tilby utgreiing, behandling og pleie til pasientar med hormonsjukdommar. Det kan for eksempel vere pasientar med sjukdommar som lågt eller høgt stoffskifte, diabetes, underernæring, overvekt, eller elektrolyttforstyrringar.

Hormonsjukdommar poliklinikk har tilbod for personar over 18 år med ulike hormonsjukdommar. Poliklinikken har og ein "Diabetespoliklinikk" , primært  for personar med diabetes type1. Endokrin poliklinikk er ein del av "Medisinsk poliklinikk og dageining" med felles ekspedisjon, kor du skal henvende deg når du kjem til timeavtale.

Medisinsk poliklinikk og dageining


Seksjon for hormonsjukdommar høyrer inn under Medisinsk klinikk. Vi har ansvar for opplæring av sjukepleiar- og legestudentar, i tillegg til utdanning av legar til hovudspesialiteten indremedisin og greinspesialiteten endokrinologi. Seksjonen har som målsetting å vere leiande innan forsking, utvikling og kvalitetssikring, og å bidra med endokrinologisk kunnskap på høgt nivå nasjonalt og internasjonalt.


Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk Ekspedisjon ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Følg skilta frå heis eller rulletrapp til Medisinsk poliklinikk og dageining. Kjem du opp rulletrappa i 2. etasje ligg ekspedisjonen til høgre og igjennom døra.

Logg inn for å endre time

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Ung med diabetes

Informasjon til deg som er over 18 år og skal gå til kontroll av din diabetes ved Medisinsk poliklinikk og dageining
Her finn du informasjon som er lurt å lese før du kjem til timeavtalen din.
Måle blodsukker ved diabetes