Hvordan sette Solu-Cortef injeksjon
Videosnutten forklarar og visar korleis bruke Solu-Cortef ved akutt binyrebarksvikt. Utviklet av medisinstudent Åse Bjorvatn ved Haukeland universitetssjukehus i samarbeid med Register for organspesifikke autoimmune sjukdomar.
Moglege årsakar til akutt binyrebarksvikt:
- Sjukdom (feber, infeksjonar, oppkast, diaré)
- Fysisk stress (hard fysisk aktivitet, operasjonar)
- For låg medisindose
Oppsummering:
1. Aktiver Solu-Cortef
2. La stå til veska har klarna
3. Knepp av plasttappen på korken
4. Desinfiser det rosa området
5. Set sprøytespissen fast på sprøyta
6. Dra opp litt luft
7. Stikk sprøytespissen gjennom den markerte sirkelen
8. Sprøyt inn lufta og trekk opp medisinen
9. Desinfiser staden for injeksjonen
10. Set sprøyta, ca 90 grader, litt til høgre i lårmuskelen
11. Injiser
12. Dra forsiktig ut
Sist oppdatert 14.04.2023