Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva skjer når du kjem til Akuttmottak?

Her finn du informasjon om kva som vanlegvis skjer i Akuttmottak, fram til du vert innlagt eller kan reise heim.

Ut frå symptom og klinisk tilstand (puls, blodtrykk, med meir) får du ein hastegrad kort tid etter at du kjem til Akuttmottak. 

Pasientar med høg hastegrad har behov for behandling straks, og vil bli tatt imot av lege og sjukepleiar på eige rom.

Andre pasientar med lågare hastegrad kan måtte vente på ledig sjukepleiar og lege. Nokre gonger kan du vente i triage-området, andre gonger vil du bli beden om å vente på venterommet. 

Etter vurdering av hastegrad kan du måtte vente ei tid, før du blir flytta til eit undersøkingsrom. Her får du grundig vurdering og samtale med lege og sjukepleiar, og det blir tatt blodprøver og andre nødvendige prøver, som urinprøve eller EKG.

Om du treng undersøkingar som røntgen eller CT, kan dei ofte bli tatt i Akuttmottak.  

I mange tilfelle blir det òg starta behandling allereie i Akuttmottak.

Etter vurdering av tilstanden din bestemmer legen om du treng innlegging i sjukehuset eller ikkje. Om du blir innlagd, blir du overført til ei sengeeining i sjukehuset.  

Om du ikkje treng innlegging i sjukehuset, blir du skriven ut direkte frå Akuttmottak.

Opphaldet i Akuttmottak blir rekna som ein poliklinisk time dersom du berre var der i avgrensa tid. Du vil då få tilsendt ein SMS med betalingslenke i etterkant med eigenandel for konsultasjon og eventuelt for røntgen, CT og liknande. Dette gjeld ikkje om du har frikort.

Sist oppdatert 08.04.2026