For pasientar: Kva skjer når du kjem til Diagnostisk senter?

Ved Diagnostisk senter koordinerer vi ulike undersøkingar for å avklåre om symptoma dine skuldast alvorleg sjukdom. Du blir fulgt opp av ein ansvarleg lege og ein pasientkoordinator, som sørger for ei rask og effektiv utgreiing.

En gruppe mennesker som sitter i en sofa

Utgreiinga ved Diagnostisk senter er i hovudsak poliklinisk. Om du har lang reiseveg til sjukehuset, kan vi ordne rom til deg på Pasienthotellet.  

Senteret ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Ta rulletrappa opp éin etasje frå resepsjonen og følg skilting til Korttidsposten. Meld deg i luka i Korttdisposten når du er framme. 

Hugs å ha på mobiltelefonen i perioden du er til utgreiing. Det er viktig at du kan stille til undersøkingar på kort varsel.

​​​Første time​​​​​

Når vi har mottatt tilvising frå fastlegen din, kallar vi deg inn til ein første konsultasjon, kor vi sett av om lag éin time. 
 
Til avtalt tid møter du først sjukepleiar (pasientkoordinator), som målar blodtrykk, puls og vekt, og gir deg informasjon om kva som skal skje vidare. Deretter blir du undersøkt av lege. 

​​Plan for undersøkingar

Etter timen legg legen ein plan for kva som trengs av vidare utgreiing og undersøkingar.
 
Pasientkoordinator bestiller timer til dei aktuelle undersøkingane. Deretter ringer vi deg med informasjon om kva undersøkinga går ut på, kor og når du skal møte, og om du skal gjere særlege førebuingar i forkant. 
 
Du vil få all informasjon på telefon (vi sender ingen informasjon i posten).

Resultat og plan videre

Etter 2-5 dagar vil du vanlegvis vere ferdig med undersøkingane. Legen som har ansvar for utgreiinga vurderer resultata og diskuterer vidare forløp saman med aktuell spesialist.
Når vurderinga er ferdig får du ein ny time for samtale med lege og pasientkoordinator. Her får du informasjon om prøvesvar og plan for vidare oppfølging. 
 
Vi gjer som hovudregel ikkje prøvesvar over telefon. 

Om det er noko du lurar på under heile utgreiinga, kan du ringe din pasientkoordinator på telefon:  55 97 03 06.​
 
Sist oppdatert 27.02.2023