WESTCOR POC

WESTCOR POC-studien undersøkjer om det er mogleg å få ei raskare avklaring av pasientar som kjem til akuttmottak med mistanke om akutt koronarsyndrom ved å ta i bruk pasientnær hurtigdiagnostikk (blodprøve).

Foto: Helsesekretær i Akuttmottak gjør klart til å ta blodprøver
WESTCOR POC er ein vidareføring av WESTCOR-studien​, som såg på bruken av biomarkørar (blodprøver) for å raskare avklare om ein pasient har akutt koronarsyndrom.    
 

Studien er eit samarbeidsprosjekt mellom avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, hjarteavdelinga og Mottaksklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus. 

Kring ti prosent av alle pasientar i akuttmottak blir lagt inn på grunn av brystsmerter og spørsmål om akuttkoronarsyndrom (AKS). Av desse er det berre ein av fire som har akutt koronarsyndrom.  

Når ein pasient kjem til sjukehus med brystsmerter og mistanke om AKS tar ein i tillegg til andre undersøkingar blodprøver for å sjå etter teikn på hjarteinfarkt. Den viktigaste blodprøvemarkøren for akutt hjarteinfarkt kallast troponin, og blir målt ved innkomst og på ny etter 3 timar.  

Svar på blodprøvene kjem som regel først etter 60-90 minutt, noko som betyr at dei fleste av pasientane vert lagt inn på sjukehus for å vente på blodprøvesvar.​

​I WESTCOR POC-studien skal ein teste ut om det er mogleg å bruke ein pasientnær hurtigprøve for å måle troponin (blodprøvemarkøren for akutt hjarteinfarkt). Med hurtigprøva vil ein få svar innan nokre få minutt.  

Ny prøve kan då tas allereie etter 1 time, noko som i tidlegare studiar er vurdert som like trygt og effektivt som ved dagens praksis.  

Studien skal undersøkje om bruk av den nye metoden for blodprøvetaking kan gje raskare avklaring i akuttmottak, om den kan påverke liggjetid, pasienten si oppleving av sjukehusopphaldet, og om det er meir kostnadseffektivt.  

Studien er godkjent av Regional Etisk Komité (REK nr: 285544 ).  

Prosjektleiar 

Kristin M. Aakre, førsteamanuensis UiB, overlege avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Haukeland Universitetssjukehus 
​ 

Finansiering 

Studien er finansiert av forskingsmidlar frå Helse Vest.  

Tjora, H: Aiming towards evidence based interpretation of cardiac biomarkers in patients presenting with chest pain : The WESTCOR study, BORA, Doktoravhandling om WESTCOR, 2022


Alle pasientar som kjem inn i akuttmottak ved Haukeland Universitetssjukehus med brystsmerter og spørsmål om akutt koronarsyndrom kan bli spurt om dei ønskjer å bli inkludert i studien.  

Ved samtykke blir pasienten ved hjelp av loddtrekning plassert i ei gruppe kor ein tar blodprøve med hurtigtest, eller i ei kontrollgruppe kor ein tar blodprøver på vanlig måte.  

Ein vil registrere opplysingar som tid i akuttmottaket, total tid i sjukehuset og endeleg diagnose.   

Studien er godkjent av Regional Etisk Komité (REK nr: 285544 ).  

Prosjektleiar 

Kristin M. Aakre, førsteamanuensis UiB, overlege avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Haukeland Universitetssjukehus 
​ 

Finansiering 

Studien er finansiert av forskingsmidlar frå Helse Vest.  

Tjora, H: Aiming towards evidence based interpretation of cardiac biomarkers in patients presenting with chest pain : The WESTCOR study, BORA, Doktoravhandling om WESTCOR, 2022


Sist oppdatert 02.10.2023