SATS Norge vart innført i alle akuttmottak, ambulansar og fleire legevaktar i Helse Vest i perioden 2013-2016, på initiativ av Program for pasientsikkerheit i Helse Vest.
Målet med innføringa var å sikre betre kvalitet på tenestane og redusere talet på pasientskadar.
Før SATS Norge vart tatt i bruk vart det ikkje gjort same observasjonar og målinger på alle pasientar. Utan at ein gjorde dei same målingane og vurderingane i ambulanse, legevakt og akuttmottak, var det rom for at dei som skulle ta imot pasienten i legevakt eller akuttmottak kunne oppfatte pasienten som mindre (eller meir) alvorleg sjuk enn kva som var tilfelle.
SATS Norge hjelper alle aktørane som møter akutt sjuke pasientar til å vurdere og prioritere pasientar på same måte. Dette bidrar til betre pasientsikkerheit ved at helsepersonellet har eit felles grunnlag for å avgjere kor raskt den enkelte pasienten treng hjelp, og eit felles språk for å formidle informasjon om pasientens tilstand.