Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe gule og grønne varebiler

Brukarrettleiing og opplæring

Her finn du meir informasjon om korleis du bruker SATS Norge til å vurdere pasientar i den akuttmedisinske kjeda.

Hastegraden indikerer kor lenge pasienten kan vente før tilsyn av lege på legevakt eller i akuttmottak. Hastegradsvurderinga har tre trinn: 

  1. Klinisk prioritetsliste: Dette er ein oversikt over ulike symptom og tilstandar, som gjer raud, oransje eller gul hastegrad. Fotnoter til prioritetslista gir nærare forklaring til mange av punktene, og skal hjelpe i valet av hastegrad. 

    Det finnast to ulike prioritetslistar, ein for barn frå 0 til fylte 15 år, og ein for vaksne, barn etter fylte 15 år og gravide uansett alder.

  2. Vitalparametrar: TEWS (triage early warning score): Ut frå pasientens vitale parametrar (respirasjon, puls, blodtrykk, bevissheitsgrad, mobilitet og skade) gir ein poeng til ein samla skår, som angir ein hastegrad. 

    For barn er det utarbeidd 6 TEWS-tabellar for ulike alderstrinn.

  3. Klinisk skjønn: Helsepersonell kan sette opp hastegraden ut frå klinisk skjønn om ein vurderer pasienten annleis enn det prioritetslista og TEWS indikerer.

Den høgaste hastegraden frå klinisk prioritetsliste, TEWS og klinisk skjønn vert pasientens hastegrad. 

Det er utarbeidd ein power point-presentasjon og eit oppgåvehefte for bruk i undervisning:

E-læringskurs for helsepersonell er også tilgjengeleg i Læringsportalen (Helse Bergen). 

Sist oppdatert 13.08.2025