Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil du jobbe i Utgreiingsmottak 2?

I UMO 2 får du varierte arbeidsdagar og breddekompetanse innan mange fagområde. Du blir god til å sjå samanhengar og til å tenke proaktivt.

En person som bærer maske

Kirurgiske pasienter

I UMO 2 tilstreber vi at halvparten av pasientane skal vere kirurgiske, og eininga har tilknytta eigne kirurgar på dagtid. Vi tar imot, utrgreier og behandler akutte kirurgiske tilstandar som appendicitt, cholesystitt, gallesteinsanfall, mild pancreatitt, ileus, rekalblødning og perianale abcesser. Vi utførar pre- og postoperativ sykepleie med medfølgjande prosedyrar. Eininga har tilknytta eigne kirurger på dagtid. 

Medisinske pasientar

Den typiske medisinske pasienten i UMO 2 har eit samansett sjukdomsbilete som krev tverrfagleg vurdering av fleire spesialitetar, som hjerte, lunge, nevrologi, infeksjon og geriatri. Vi samarbeidar også tett med ergo- og fysioterapeutavdelinga for kartlegging av heile pasienten.

Pasientane vi har på avdelinga skrivast som regel ut innan 3 døgn, noko som fører til høg utskifting av pasientar. Ved utskriving samhandlar me tett med kommunen der det er nødvendig. Nokre pasientar vert overflytta til andre spesialiserte sengepostar grunna økt overvåkingsbehov eller forventa lang behandlingstid på sjukehus. 

Direkte mottak

UMO 2 samarbeidar tett med Akuttmottak og andre avdelingsr i Mottaksklinikken, og har mulighet til å ta imot nye pasientar på eigne undersøkingsrom. Vi tar blodprøver og blodgass sjølv, og har overvåkningsutstyr tilknytta alle senger. Vi deler meldepunkt, (som fordeler nye pasientar), med Utgreiingsmottak 1. Dette krev god dialog for å sikre god pasientflyt.

I UMO 2 kan me tilby deg god opplæring og eit godt arbeidsmiljø. Her gjer vi kvarandre til gode sjukepleiarar, og har det gøy på jobb!

Velkomen til oss på UMO2!

Sist oppdatert 11.11.2025