Logopedtenesta

Vi tek i mot henvisingar frå alle Helse Bergen sine avdelingar på Haukelandsområdet og Haraldsplass Diakonale Sykehus som har vaksne pasientar med språk- og kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar og svelgevanskar som har oppstått etter sjukdom eller skade.

foto av ansatte og pasient øver med kort med bilder
 

Logopedtenesta er organisert under Nevroklinikken. Vi har per i dag 9 logopedar ansatt i klinikken.


Logopedtenesta skal sjå til at pasientar får ei optimal oppfølging for vanskane sine. Logopedane tek del i det tverrfaglege teamarbeidet rundt aktuelle pasientar.

Vi skal også bidra til at pasientane får eit godt rehabiliteringstilbod etter utskriving ved å formidla behov og rettar til ansvarlege instansar i kommunane.

Arbeidsoppgåver
  • Kartlegging og behandling/ opplæring av vaksne pasientar med behov for logopediske tenester etter sjukdom og/ eller skade
  • Vidaremelding til heimkommunen om behov for logopedisk hjelp etter utskriving
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet
  • Informasjon og rettleiing til pårørande
  • Internundervisning om afasi og andre kognitive kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar og svelgevanskar
  • Overføring av kompetanse til 1.linjetenesta
  • Undervisning og praksisrettleiing for logopedstudentar

Logopedtenesta har 8 logopedar som held til i Gamle Hovudbygg og yter tenester til alle avdelingar på Haukelandsområdet, bortset frå Barne- og ungdomsklinikken (BUK) som har sine eigne. Dei fleste henvisingar kjem frå Nevrologisk akuttpost, som er sengepost for pasientar med akutt hjerneslag, Parkinson sjukdom, MS, ALS og hjernesvulstar
Logopedtenesta har også ein fast, og ein deltidsstilling som er knytta til utreiing og oppfølging av stemmevanskar i samarbeid med ØNH-avdelinga.

Logopedtenesta har ein fast, og ein deltidsstilling ved Haralsdplass Diakonale sjukehus. Dei fleste henvisningar kjem frå geriatrisk post, slagpost og Medisinsk dagpost, men logopedane yter også tenester til andre avdelingar der det er aktuelle pasientar.

Kontakt

Leder Trine Drange

  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Haukeland universitetssjukehus Logopedtenesta Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad



Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Praktisk informasjon

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Dei vanligste funksjonsvanskane

  • Pragmatiske kommunikasjonsvanskar

    Pragmatiske kommunikasjonsvanskar er vanskar med å tolka og uttrykkja verbalt og nonverbalt språk.

  • Språkforstyrring

    Afasi kan definerast som språkforstyrring etter hjerneskade. Hjerneslag og andre sjukdomar og skader som rammar venstre hjernehalvdel fører ofte til afasi. Afasi inneber vanskar med både å bruka og å oppfatta språk, og vanskar med å lesa og skriva.

  • Språkforstyrring: Kan afasi behandlast?

    Alle som får språk- og talevanskar bør tilvisast logoped, som kan undersøkja kva slags språkskade det dreier seg om og kva det er å byggja på i behandlinga.