Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avbestilling / endring av time ved Nevrologisk avdeling post 1

Dersom du ynskjer å avbestille eller endre ein time ved dagposten kan du lese meir om korleis du gjer dette her. Det fins to måtar å gjere det på. Enten kan du ringe posten mellom kl. 07.00-15.00 alle kvardagar eller kan du bruke internett.

​Dersom du ikkje møter fram til timen

Dersom du ikkje møter fram til timen utan å seia i frå innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med eit gebyr på kr 640,- fastsett i statsbudsjett av Stortinget. Dette gjeld sjølv om du har frikort. 


Via internett

No kan du sjekka timeavtalane dine og skriva meldingar til avdelinga du har time hjå på nett. I tillegg til å sjå timen din kan du senda ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.​​


Logg deg inn for å:

  • Få oversikt over timeavtaler
  • Sende ei melding til avdeling du har time hjå (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velja namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane til barnet.
 

Fortsatt brev i posten

Denne sida vil ikkje enno erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møta, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.
 

Via telefon

Du kan også ringe til oss for å endre eller avbestille timen din. Vi har telefontid mellom 07.00-15.00 måndag til fredag, telefon: 55 97 50 50 eller 55 97 50 51.




Sist oppdatert 13.09.2016