Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utgreiing/kartlegging av vannlatingsproblem

Når du kjem til oss for utgreiing og kartlegging av vannlatingsproblem, får du møte ein uroterapeut.

Uroterapeut med pasient. Foto

Saman går ein gjennom symptoma dine og korleis desse påverkar din livskvalitet. Ein urinstix blir teken av urinprøven din for å avdekka urinvegsinfeksjon, sjukdom i nyrer eller anna som kan bli påvist ved ein urinprøve. 

Uroflowmetri er ei undersøking kor blærefunksjonsevna blir kontrollert i forhold til mengda urin i blæra ved vannlatingstrang, urinstråla sin kraft, tida det tek før blæra er tømt og om blæra kan tømmast fullstendig. 

Ved undersøkinga let du vatnet i ei trakt. Trakta måler stråla si hastigheit og urinmengda. Apparatet skriv ut eit papir ark kor ein kan lesa av funksjonen til blæra. Etter undersøkinga vert blæra skanna med ultralyd for å sjekka om det fremleis er urin igjen. 

Før undersøkinga

  • Fyll ut drikke og vannlatingsskjema for 2 samanhengande døger. Lek du urin som medfører at du må bruke bind, veg du desse når du skifter. Skriv dette også på skjema.
  • Fyll også ut skjema om livskvalitet.
  • Drikk minst ein halv liter vatn i løpet av 2 timar før konsultasjonen, slik at du har vannlatingstrang når du kjem til poliklinikken.
  • Ta med ein urinprøve av morgonurinen.

Det er viktig at urinprøven blir teken på rett måte. Du kan kjøpe glas  for urinprøve på apoteket eller du kan bruka eit reint glas, som for eksempel eit reint syltetøyglas. Kok glaset før bruk.

  • Merk prøveglaset med namn.
  • Bruk morgonurinen.
  • Kvinner skal holde kjønnsleppene frå kvarandre  mens menn skal trekke forhuda tilbake.
  • Det er også viktig at prøven blir teken av den såkalla «midtstråleurinen» og ikkje den første delen av strålen. Det vil seia at du tissar den første skvetten i do, og deretter set du prøveglaset i urinstråla. På denne måten unngår du å forureine urinen med bakteriar, som ofte er å finna yst i urinrøret.

Urinprøva bør oppbevarst i kjøleskap fram til den blir levert ved poliklinikken.

  • Dersom du får vannlatingstrang mens du ventar på timen din, kan du seia i frå slik at vi kan visa deg til toalettet med måleutstyr. 

Undersøkinga vil ta frå 30 minuttar til 2-3 timer avhengig av kor mange målingar du skal ta. Sett av god tid.

Sist oppdatert 12.12.2016