Vannlatingsproblem kan vera:
- Hyppig vannlating både dag og natt
- Plutseleg og kraftig vannlatingstrang med eller utan lekkasje
- Manglande (kjenner ikkje) vannlatingstrang
- Svak urinstråle
- Blæretømming i porsjoner
- Kjensle av at blæra blir dårleg tømd
- Ofte plaga av urinvegsinfeksjonar/blærebetennelse
Har eg eit blæreproblem- kva gjer eg?
Har du har ein nevrologisk sjukdom og plagsame symptom, ta kontakt med din nevrolog, MS sjukepleiar eller direkte på Nevrologisk avdeling post 1. Avtal time for å samtale om dette.
I forkant av konsultasjonen bør du over 2 døger notera kor ofte du er på toalettet, kor mykje urin du tissar kvar gong og kor mykje du drikk.
Generelle råd
- Det er viktig å slappa godt av når du skal lata vatnet
- Regelmessig væskeinntak og regelmessig vannlating er fornuftig for alle menneske
- Ved normalt væskeinntak på cirka 1,5 liter, bør blæra tømmast 4-7 gonger per døgn. Normalt urinvolum varierer mellom 1,5-4 dl per gang.
Behandling
Aktuell behandling kan være:
- Blæretrening
- Bekkenbotnstrening
- Elektrostimulering
- Tappe blæra for urin (sjølvkateterisering RIK)
- Medikament mot over aktiv blære
Av og til vert ulike behandlingsregimer brukt i kombinasjon.
Normal vannlatingsfunksjon
Den normale vannlatinga er ein samansett prosess der både nervar, musklar og indre organ er involvert. Urinvegane består av to nyrer, to urinleiarar, ei urinblære og eit urinrøyr. Nyrene sine oppgåver er å «rense» blodet for avfallsstoff og skilje det ut via urinen. Urinblæra er ein svært elastisk muskel, og har som oppgåva å lagre og tømme urin.
Når du ynskjer å tømma blæra/late vatnet, opnar urinrøyret seg, og blæra trekker seg saman og tømmer ut urin.
Utanom dette er urinrøret lukka. I visse situasjonar, som for eksempel ved hopping, nysing og røyning, får urinrøret hjelp av bekkenbotnsmuskulatur for ikkje å leka urin.
Ein normal blærefunksjon føreset at nervesignala til og frå hjerne og urinblære fungerar normalt.