Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utgreiing av vannlatingsproblem

Når du kjem til oss for utgreiing og kartlegging av vannlatingsproblem møter du ein uroterapeut.

Uroterapeut med pasient. Foto

Saman går vi gjennom symptoma dine og korleis desse påverkar livskvaliteten din.

Ein urinstix blir teken av urinen din for å avdekka urinvegsinfeksjon, sjukdom i nyrer eller anna som kan bli påvist ved ein urinprøve. 

Med Uroflowmetri kan vi undersøke blærefunksjonsevna i forhold til urinmengde ved vannlatingstrang, styrke på urinstråle, blæretømmingstid og om blæra blir tømt fullstendig. Ved undersøking må du tisse i ei trakt som måler strålehastigheit og urinmengde. Så blir urinblæra skanna med eit ultralydapparat for å sjekke om blæra er tilstrekkelig tømt eller om det er rest av urin igjen i blæra.  

Før undersøkinga

  • Fyll ut drikkeliste og vannlatingsskjema for 2 samanhengande døgn. Dersom du bruker bind på grunn av urinlekkasje må du vege desse når du skifter og føre inn mengde på vannlatingsskjemaet. 
  • Fyll ut skjema om livskvalitet.
  • Drikk minst ein halv liter vatn i løpet av 2 timar før konsultasjonen slik at du har vannlatingstrang når du kjem til poliklinikken.
  • Ta med ei urinprøve av morgonurinen.

Det er viktig at urinprøven blir teken på rett måte. Du kan kjøpe glas  for urinprøve på apoteket eller du kan bruka eit reint glas, som for eksempel eit reint syltetøyglas. Kok glaset før bruk.

  • Merk prøveglaset med namn.
  • Bruk morgonurinen.
  • Kvinner skal holde kjønnsleppene frå kvarandre  mens menn skal trekke forhuda tilbake.
  • Det er også viktig at prøven blir teken av den såkalla «midtstråleurinen» og ikkje den første delen av strålen. Det vil seia at du tissar den første skvetten i do, og deretter set du prøveglaset i urinstråla. På denne måten unngår du å forureine urinen med bakteriar, som ofte er å finna yst i urinrøret.

Urinprøva bør oppbevarst i kjøleskap fram til den blir levert ved poliklinikken.

 

Dersom du får vannlatingstrang mens du ventar på timen din gir du beskjed til oss slik at vi kan visa deg til toalettet med måleutstyr. 

Undersøkinga tar frå 30 minuttar til 2-3 timer avhengig av kor mange målingar du må ta. Det er difor viktig å sette av god tid til undersøkinga.

Sist oppdatert 20.08.2025