Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vurdering og treningsopphald ved post 1

Vurdering og treningsopphald ved dagposten varer som regel frå 1-14 dagar. Første dagen møter pasienten sin kontaktsjukepleiar, lege og fysioterapeut. Pasienten får ein individuell timeplan for opphaldet.

I tillegg til fysioterapi, er det mogeleg å få vurdering av andre yrkesgrupper som ergoterapeut, sosionom, og/eller logoped.

Det er også mogeleg å få individuell samtale med uroterapeut. Det kan gjelde forstyrring i vannlatingsfunksjonen, tarmtømmingsfunksjonen eller den seksuelle funksjonen med uroterapeut / spesialsjukepleier.

Nedanfor kan du lesa meir om dei forskjellige yrkesgruppane.

Det blir gjort ei individuell undersøking og funksjonsvurdering. Vurderinga dannar saman med dine forventningar og målsettingar grunnlaget for innhaldet i opphaldet. Vi rår deg til at du før innlegginga, tenkjer gjennom kva som er viktig for deg å jobba med under opphaldet.

Det blir i utgangspunkt gitt 4 individuelle fysioterapitimar per veke. Ut over det er det mogleg å gjera seg nytte av terapibassenget (34 grader varmt) og treningsapparat inkl. tredemølle, som eigentrening. Det er også høve til å bruka  hydrojet (massasjebenk) 3-4 gonger i veka.

Det ver gjeve fylgjande gruppetilbod:
  • Gruppetrening i basseng med instruksjon av fysioterapeut 1 gong i veka.
  • Gruppetrening med instruksjon av fysioterapeut i treningssalen 1 gong i veka.
  • Avspenning gjennomført med hjelp av aktivitør 1 gong i veka.
  • Eigentrening i gruppe i treningsrommet. Øvingar er vald ut av pasienten sin fysioterapeut. Pasienten får hjelp av aktivitør å leggja til rette utgangsstillingar og gjennomføring av øvingar.
Gruppetilboda vert vurdert som viktig del av tilbodet ved post 1 og deltakinga er obligatorisk.

Mange personar som har nevrologisk sjukdom eller skade opplever utfordringar med å meistra aktivitetar i kvardagen. Ofte kan det vera nødvendig å kompensera for nedsett funksjon, til dømes ved å fordela oppgåver utover dagen, bruke alternative arbeidsmetodar eller hjelpemiddel.

Ergoterapeuten tek utgangspunkt i kva gjeremål ein ynskjer og må utføra i kvardagen. Fokus er på meistring av daglege gjeremål i heim, arbeid, skule og fritid. 

Ergoterapeuten kan gje rettleiing, råd og informasjon om aktivitetsregulering og tilpassing av daglege gjeremål. Formidling av tekniske hjelpemiddel er eit kommunalt ansvar.​ 

Sosionom gir tilbod om samtalar og rettleiing i forhold til sosiale, praktiske og økonomiske spørsmål. Det kan dreia seg om arbeidssituasjon, skule, hjelp og assistanse i dagleglivet, eller informasjon om trygderettar.

Mange treng hjelp til å finna fram i samfunnet sitt regelverk og hjelpeapparat. Sosionomen hjelper med søknader, og opprettar kontakt med andre offentlege instansar. 

I samtale med den einskilde om deira situasjon, ser vi etter nye molegheitar for å fungera i kvardagen.​

Logopeden arbeidar med tale og kommunikasjon. Nokon kan ha nytte av lette muskeløvingar for å halda ved like talefunksjonen best mogleg.

Logopeden kan informera om kommunikasjonshjelpemidel der det er til hjelp. I samarbeid med pasienten og Hjelpemiddelsentralen finn vi fram til det som passer best til den einskilde.

Dersom du har svelgvanskar, kan logopeden gi informasjon og gode råd.​
Sist oppdatert 12.09.2016