Avbestilling eller endring av time ved Nevropoliklinikken
Dersom du trenger å avbestille eller endre timen du har fått kan du enten ringe poliklinikken 08.00-15.30 alle kvardager eller gå inn på helsenorge.no. Ved avbestilling av time mindre enn to arbeidsdagar før timen må du kontakte oss på telefon.
Gebyr ved manglande oppmøte
Dersom du ikkje møter til avtalt time vil du bli belasta med eit gebyr på 1612 kroner. Dette gjeld sjølv om du har frikort.
Endre eller avbestille på internett
Logg deg inn på Helsenorge.no
- Her finn du timeavtalane dine
- Send ei melding til avdelinga dersom du treng å endre time eller gi andre opplysningar
Treng du hjelp med å logge inn?
Endre eller avbestille time via telefon
Du kan ringe oss på 55 97 51 20 for å endre eller avbestille ein time. Telefontida er mellom kl.08.00-15.30 måndag til fredag.
Innsyn for pårørande
Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, har du innsyn i timane deira.
Fortsatt brev i posten
Du vil framleis motta innkallingsbrevet i posten og vi oppmoder deg om å lese dette. Dersom du ikkje kan møte til time bes du ta kontakt snarast. Dersom du flytter timeavtalen din må du rekne med lengre ventetid.