Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sluttattest og tenestebevis

Arbeidstakarar sin rett til sluttattest er fastsett i arbeidsmiljølova § 15.15. Sluttattest blir utferda av leiar når ein arbeidstakar avsluttar sitt stillingsforhold ved avdeling/seksjon. Dersom du som tidlegare tilsett ikkje allereie har fått sluttattest, rår vi deg til å kontakte leiar(en).

Attesten skal innehalde
•    Arbeidstakaren sitt namn
•    Fødselsdato
•    Kva arbeidet har bestått i
•    Varigheita på arbeidsforholdet

 

Tenestebevis - generell informasjon

Dersom du ikkje har fått sluttattest frå leiar, eller du treng eit tenestebevis i samband med søknad til skule eller vidareutdanning, kan du bestille dette.

Tenestebeviset inkluderer følgjande opplysningar
•    Stillingstittel
•    Avdeling/eining
•    Stillingsprosent
•    Tilsetjingsperiode
•    Timar (merarbeid inntil 100 % stilling)

Tenestebeviset inkluderer ikkje
•    Overtidstimar
•    Timar som inngår i fast stillingsprosent
•    Fordeling av timar på ulike stillingar gjennom året (timane blir oppgjevne samla per år)
•    Informasjon om arbeidsoppgåver

Dersom du treng andre opplysningar enn dei som kjem fram i tenestebeviset, må du kontakte leiar ved avdelinga/avdelingane du har vore tilsett i.

Tilsatt - slik bestiller du

  • Logg inn med brukaren din på ein Helse Bergen PC.
  • Gå inn på intranettet og søk etter tjenestebevis.
  • Følg lenka og fyll ut skjemaet for å sende bestilling.

Tenestebeviset blir automatisk generert og hentar opplysningar direkte frå lønnssystemet. Det blir deretter sendt til manuell kontroll i Lønnsseksjonen. 

Når det er kontrollert, blir det sendt til deg på e postadressa du har oppgitt i bestillinga.

Dersom du ikkje får e post som forventa, sjekk søppelpost/søppelkurv.
Behandlingstid: 1 veke

Tidlegare tilsatt – slik bestiller du

Send e post til servicesenter@helse-bergen.no med følgjande opplysningar
•    Fullt namn
•    Fødselsdato

Når tenestebeviset er klart og elektronisk signert, får du det tilsendt på e post. Dersom du ikkje får e post som forventa, sjekk søppelpost/søppelkurv.

Behandlingstid: 4 veker

Opplysningar om tidlegare stillingsforhold

Du kan òg finne opplysningar om tidlegare tilsetjingsforhold her:
•    Min side - nav.no
•    Min side - klp.no

Sist oppdatert 04.02.2026