Veiledning i aktivitetsregulering/energiøkonomisering
Ein person med ein kronisk sjukdom kan i periodar oppleve fatigue (trøttleik/utmatting). Fatigue er ofte ei usynleg plage og kan vera vanskeleg å forholde seg til både for ein sjølv og dei rundt. I enkelte tilfelle kan fatigue vera årsak til, og føra til begrensing i utføring av daglege aktivitetar.
Målet med aktivitetsregulering/energiøkonomisering er å få overskudd til positive og lystbetonte aktivitetar og reduksjon av kroppslege plagar.
Ergoterapeuten brukar samtale og kartleggingsskjema til å veileda i aktivitetsregulering og energiøkonomiserande teknikkar. Gruppeveiledning i aktivitetsregulering er også ein del av tilbodet til pasientar som er innlagt ved Revmatologisk avdeling. Pasienten får utlevert skriftleg informasjon om temaet.
Sist oppdatert 25.09.2016