Nevrologisk seksjon og Spinaleininga

Seksjonsleiar 
 

Elisabeth Skjefrås Kvile

Telefon:  55 97 50 20 / 98 48 25 42  
Epost: elisabeth.skjefras.kvile@helse-bergen.no 

 

Bemanning 

Vi har 12 årsverk til fysioterapeut og eitt årsverk til aktivitør 

 

Kvar er vi? 

Gamle hovudbygg U etg , 1. og 2. etasje 

 

Arbeidsområde 

Fysioterapeutane knytt til nevrologisk seksjon arbeider med undersøking, behandling og oppfølging av pasientar med nevrologisk sjukdom og skade, i alle delar av sjukdomsforløpet. Vi bidreg med vår kompetanse i akuttbehandling, i tverrfagleg utgreiing og i rehabilitering, samt ved standardiserte pasientløp ved avdelinga. Dette går føre seg i treningssal, basseng, på postane eller utandørs. 

 

Vi har som mål at pasientane skal vinna att optimal funksjonsevne. Vi har fokus på normal bevegelse og avvik frå normal bevegelse og årsak til avvik. Vi driv hovedsakleg funksjonsretta trening, men også andre former for terapi og rehabilitering. Pasientane får individuell rettleiing, instruksjon og informasjon. Hjelpemiddelutprøving og bestilling av hjelpemidler utføres ved behov. 

Vi tek også imot eigne polikliniske pasientar, til vurdering og evt oppfølging etter henvisning frå lege.  Vi er opptatt av å bidra til best mogleg fungering og aktivitet i kvardagen, og vi arbeider med tilpassing og tilrettelegging for eigen helsebygging.  

Vi har gruppetilbod til nokre pasientgrupper etter filosofien Brief intervention.  

 

I tillegg til pasientrelatert arbeid, er fysioterapeutane ved seksjonen aktive i oppfølging av hospitantar, i pasientundervisning ved Lærings- og mestringssenteret og undervisning og rettleiing av fysioterapistudentar på både bachelor- og masternivå ved Høgskulen på Vestlandet.  

 
 

Sist oppdatert 19.09.2024