Digital oppfølging etter operasjon
Det er planlagt at du skal få ein hofteprotese, eller at du har nyleg gått gjennom ein proteseoperasjon. Her får du informasjon om korleis du vil bli følgt opp vidare med digital oppfølging.
Alle pasientar som har fått same type behandling som deg, vil få tilbod om digital oppfølging. Dette betyr at du vil få ein SMS med ei lenke til eit spørjeskjema. Du vil få denne sms-en før operasjonen, og igjen etter 3 månader. Du blir beden om å logge inn med BankID og svare på spørsmål om korleis du har det. I tillegg vil du få spørjeskjema 1, 6 og 10 år etter operasjonen, slik at vi kan følge med på at protesen fungerer som han skal over tid.
Spørjeskjemaet er nøye laga og grundig testa, for å gi oss mest mogleg informasjon om helsa di etter behandlinga. Svara dine hjelper oss med å vurdere om behandlinga har gitt eit godt resultat, eller om det er behov for vidare oppfølging. Dersom du har eit dårlegare resultat enn venta, vil du bli kalla inn til poliklinisk kontroll med røntgen.
Kvifor digital oppfølging?
Det er fleire fordelar med digital oppfølging etter ein proteseoperasjon. Mange pasientar slepp unødvendige kontrollar, og vi kan bruke meir tid på dei pasientane som har behov for tettare oppfølging. Avdelinga kan lettare fange opp pasientar med dårlege forløp, og du som pasient får høve til å medverke. Vi får også betre forståing av korleis forløpet etter ein proteseoperasjon utviklar seg frå perspektivet til pasienten. Systemet for digital oppfølging etter ein proteseoperasjon er ein del av den felles digitale oppfølginga i Helse Vest.
Kontroll på poliklinikk
Uavhengig av om du får digital oppfølging etter operasjonen, vil kirurgen som opererte deg vurdere om du i tillegg skal til poliklinisk kontroll med røntgen. Dette vil særleg vere aktuelt for pasientar med kompliserte forløp, eller når det har vore utfordringar med behandlinga.
Alle pasientar som opplever at dei har behov for poliklinisk kontroll, kan få tilbod om det ved å kontakte avdelinga på telefonnummer 56 56 58 00. Du kan kontakte oss uavhengig av resultatet av den digitale oppfølginga.
Dersom du ikkje svarer på den digitale oppfølginga, blir fastlegen informert. Vidare kontroll skjer via fastlegen, men du blir ikkje avslutta frå det planlagde digitale oppfølgingsforløpet.
Til deg som ikkje kan ha digital oppfølging
Pasientar som ikkje kan lese norsk, ikkje kan svare på spørsmål digitalt, og pasientar som har reservert seg mot digital kommunikasjon, blir kalla inn til poliklinisk kontroll dersom legen vurderer at det er behov for det.