Tredimensjonal databasert ganganalyse

Ganganalysen ved ganglaboratoriet er ei tverrfaglig vurdering. Ganganalysen består av ei full klinisk undersøking, videoopptak av barnet når det går og ein grundig analyse av dei innsamla dataene.

Under analysen vert det gjort opptak med seks Vicon MX-kameraer, to kraftplater og to videokameraer.

MX-kameraene fanger opp data frå refleksmarkørene som er festa til barnet. Dataene sjåast umiddelbart som ein strekfigur med eit rødt (venstre) og eit grønt (høgre) bein.

Sjøkart

Eksempel  på rådata med strekfigur.

Vi får samtidig ei framstilling av golvreaksjonskraften til barnet når det går. Dette vert illustert med to pilar oppover. Golvreaksjonskraften vert målt på to kraftplater som er senka ned  i golvet langs gangfeltet barnet går over. Golvreaksjonskraften er motkraften til den kraften barnet tråkker ned med.  Vi bruker golvreaksjonskraften til å måle dei ytre kreftene som verkar på kroppen til barnet.

En grønn fremmed figur
 

Eksempel på framstilling av gulvreaksjonskraften og korleis den påverkar kroppen.

Etter prosessering blir dataene synleg som ein skjellettfigur (sjå bilde over).

Analyseresultat

Ganganalysen resulterer i grafar i tre plan:

  1. sett frå sida (sagittalplan)
  2. sett forfra og bakfra (frontalplan) 
  3. sett ovenfra (transversalplan)

Grafane representerer ein gangsyklus. Ein gangsyklus starter med at foten setjast mot underlaget og vert avslutta når same foten igjen når underlaget.

Gangsyklusen deles i to hovedfasar: standfase og svingfase.

  1. Standfasen (når foten er i gulvet) utgjer normalt 60 prosent av syklusen
  2. Svingfasen (foten i luften) utgjer dei resterande 40 prosent

Kinematikk er ei kvantitativ skildring av stilling og bevegelse i ledd og kroppssegmenter (f.eks. graden av knefleksjon gjennom gangsyklus) utan å ta omsyn til dei krefter som forårsakar bevegelsane.

Kinetikk er læra om effekten av krefter og moment (kraft multiplisert med vektarm) som produserer bevegelse. De kinetiske kurvene angir hvilke mekanismar (muskelkraft, tyngdekraft og vektarmer) som produserer og kontrollerer bevegelsane i ledda.

 

Diagram, histogram
 

Bildet over viser ei graf kor x-aksen er ein gangsyklus delt inn i prosent. Y-aksen på grafen viser gradar av bevegelse i ankelleddet under ein gangsyklus. 0˚er når ankelleddet er i 90˚ , altså ei rett vinkel. Plantarefleksjon er når foten henger nedover og dorsalfleksjon er når ankelen er bøyd over 90˚, for eksempel når vi går på hæl.

Diagram, linjediagram, histogram

Bilde over viser en graf hvor X-aksen er en gangsyklus delt inn i prosent. Y-aksen på grafen viser det ytre momentet som virker på ankelen.

Resultata frå ein tredimensjonal databasert ganganalyse vil gje anbefalingar for vidare behandling. Dette kan til dømes være  kvar Btx-A sprøyter skal setjast, kva operative  tiltak som skal setjast i verk eller kva typar ortopediske hjelpemiddel barnet vært tilråda å bruke.

Her er eksemplar på korleis grafar av ankelkinematikk og ankelkinetikk blir analysert og forstått.                                                  

X-aksen på grafen er ein gangsyklus delt inn i prosent. Y-aksen på grafen viser leddutslag i grafene for kinematikk og moment i grafene for kinetikk. Høgre side er grøn, venstre side er raud.Det grå feltet representerer et normalmateriale (gjennomsnitt av 25 friske barn). De vertikale strekene viser fraspark, der gangsyklusen går fra å være standfase til svingfase.  

Ankelkinematikk:

 

Diagram, histogram

I bildet over viser grafane gangavvik spesielt på dei grøne grafane (høgre side). Pasienten klarer ikkje å løfte ankelleddet i svingfasen, det sjåast droppfot og foten mangler hælisett i det han setter foten i bakken (lander på forfoten). Pasienten har problem med å få dorsalfleksjon i ankelleddet, spesielt på høgre side gjennom heile gangsyklusen.

Ankelkinetikk:

Diagram, linjediagram, histogram
 

Ankelmoment-grafen over viser mangel på plantarflekterande moment ved fotisett på høgre side, og eit for tidlig dorsalflektaende moment både på høgre og venstre side.

I praksis betyr dette at golvreaksjonskraften kjem foran ankelleddet fordi pasienten har fotisett på forfoten på grunn av tågange. På grafane ser vi at dette er meir uttalt på høgre enn venstre side. Moment får vi ikkje i svingfasen, fordi foten ikkje er i bakken og dermed ikkje blir påvirka av gulvreaksjonskraften.

Sist oppdatert 19.01.2017