Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har totalt 4 sengepostar. Post 2 vest har 20 sengeplassar og ein pleiegruppe på ca. 40 sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og assistentar.
Haukeland universitetssjukehus er både eit lokalsjukehus og eit regionsjukehus. Vi tar i mot pasientar med brotskadar og skadar på leddband, sener og musklar frå Bergen og omegn. Vi tar òg i mot pasientar med kompliserte brot og komplikasjonar etter behandling frå heile Vestlandet.
Til oss kjem både pasientar som blir lagt inn akutt og pasientar som er søkt inn til planlagde operasjonar. Ved stor pågang av øyeblikkeleg hjelp-pasientar, eller om det kjem inn hardt skada pasientar kan det hende du må vente lenger på operasjon.
Vi samarbeider også med Voss sjukehus og Haraldsplass diakonale, og pasientar kan bli overflytta hit for operasjon ved stor pågang av øyeblikkeleg hjelp-pasientar på Haukeland.