Jobb hos oss på Ortopedisk avdeling
Ortopedisk avdeling har eit breitt fagfelt med alt frå mindre til større traumatiske skader, protesekirurgi, ortopediske infeksjonar til landsdekkande funksjon for funksjonsforbedrande kirurgi. Mange av pasientane våre har andre tilleggsdiagnoser som vil gje deg god og brei erfaring. Med fire seksjonar kan vi tilby varierte arbeidsoppgåver og pasientgrupper.
Kven arbeider her?
På Ortopedisk avdeling jobber det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, ortopedar og fysioterapeuter. Vi er ca. 110 personer i pleiegruppa.
Kvar held vi til?
Dei ortopediske sengepostane ligg i Sentralblokka, fordelt over to etasjer. OT syd, vest og aust ligg i 7 etg, og OT infeksjon ligg i 4 etg.
Ortopedisk poliklinikk er lokalisert i 2 etg.
Kva slags pasientar behandler vi? Og korleis?
OT vest har ansvar for behandling av mindre og større traumer, sarkom, ryggkirurgi og andre brot i armar og bein. Dei fleste har behov for kirurgisk behandling. Liggetid kan vere frå ein dag til nokre veker.
OT syd har ansvar for protesekirurgi og har eit eige miniakuttmottak for hoftebrot. Her vert pasientane tekne imot på sengepost i samarbeid med ortoped og anestesilege.
OT aust er en 5-dagers post som er brukt til blant anna å ta imot elektive pasientar kvar morgon. I tillegg har vi ei overvåkningseining (OTO) der vi tek i mot pasientar direkte frå sentraloperasjon eller dagkirurgisk avdeling. Der ligg pasientanen nokre timar før dei går på sengepost. Aust har også eit landsdekkande ansvar for funksjonsforbedrende håndkirurgi for tetraplegipasienter.
OT infeksjon har ansvar for behandling av infeksjonar i ledd, vev, muskulatur og hud. I tillegg behandler dei infeksjon i proteser. Her er det tett samarbeid mellom ortopedar og infeksjonsmedisinare. De fleste pasientane har behov for både kirurgisk behandling og behandling med antibiotika.
Ortopedisk avdeling har ca. 35 % elektiv drift, resterande 65 % er øyeblikkelig hjelp. Aldergruppa på pasientane våre er frå 18 år og har inga øvre grense!
Korleis organiserar vi arbeidet?
På Ortopedisk avdeling har vi gruppesjukepleie, med to grupper på kvar post. Det er daglig legevisitt med ortopedar. På infeksjon er det også daglig legevisitt med infeksjonsmedisinare.
På Ortopedisk avdeling er det fokus på godt samarbeid mellom personalet på dei forskjellige postene og vi jobbar på tvers av sengepostane.
Korleis er arbeidsmiljøet?
På Ortopedisk avdeling er det svært godt arbeidsmiljø, med mykje humor! Det er tett samarbeid mellom alle postane som bidreg til eit godt og sosialt miljø. Vi har stort fokus på at vi skal trivast på jobb. Vi jobbar heile tida for å bli betre, og det er trygt og seie frå om det ein har på hjartet. Vi har stor takhøgde!
Korleis er arbeidstida?
Dei tilsette i pleiegruppa jobber 3-delt turnus, i nokre tilfeller er det mogelg å jobbe 2-delt med dag/natt.
Kven samarbeider vi med?
For å få optimal pasientbehandling jobbar vi saman med legane, fysioterapeutar, ergoterapeutar, smerteteam, sosionom, psykologtjeneste og mikrobiologer.
Det samarbeidast også tett med kirurgisk serviceklinikk og anestesiavdeling.
Kva er typiske arbeidsoppgåver for dei ulike yrkesgruppene?
Sjukepleiarane har ansvar for oppfølging og iverksetting av medisinsk behandling, smertelindring, sårskift, utførelse av ulike prosedyrer, mobilisering, stell, kommunikasjon med kommune og andre hjelpeinstanser. Dei er aktive i vurdering av effekt av behandling og vurdering av behov for vidare tiltak.
Helsefagarbeidarane er aktivt med i den heilheitlige pleien av pasienten. Helsefagarbeidarane ved avdelinga er inkludert i oppgåvdeling fra sjukepleiarane og gjer derfor oppgåver som for eksempel innleggelse av perifert venekateter (pvk), koble opp væsker, seponere dren, legge inn kateter, dobbeltkontroll av medikamenter m.m. Dette skal utviklast vidare.
Pleieassistentar er stort sett sjukepleiarstudentar eller medisinstudentar som har helgestilling på Ortopedisk avdeling. Dei er ein del av gruppa og gjer oppgåver knytta til generell pleie, mobilisering, ernæring og anna arbeid i avdelinga. Ei god erfaring å ha med seg når ein skal vidare i yrkeslivet.
Kva blir du god til dersom du arbeider her?
På Ortopedisk avdeling blir du god på behandling av ortopediske pasientar. Mange har samansatte utfordringar og diagnoser, så ein får også erfaring i meir enn ortopedi, det kan vere indremedisinske diagnoser, rus, psykiatri m.m. Vi har fokus på heile pasienten, så heilheitlig tenking og pasientbehandling vil vere ein naturlig del av jobben. Vi har til tider komplekse pasientar som krever tverrfaglige vurderinger. Vi har mykje smertebehandling i avdelinga, så det blir ein veldig gode på! Vi søkjer kvart år om plassar på OK-programmet (overvåkningskompetanse) som vi brukar på overvåkningseiniga vår. Dette kan vere aktuelt når ein har vore ca. 2 år i avdelinga.
Kven bør søkje jobb på Ortopedisk avdeling?
Det bør du som trivast med høgt fokus på kvalitet i arbeidet ditt. Du bør trivast i ein stort sett travel og uforutsigbar arbeidskvardag. Du må like å bli utfordra i kvardagen og bidra til at helsetjenestane vi tilbyr, blir utvikla til det betre for pasienten. Du må bidra til eit godt fagleg fellesskap og arbeidsmiljø. Sidan vi jobbar på tvers av seksjonane, må du være nysgjerrig og like å tilegne deg ny kunnskap.









