Tilvising av beinlesjonar

Ved mistanke om beinsarkom eller annan uavklart beinlesjon der du mistenker malign eller lokalt aggressiv benign beintumor, skal du tilvise pasienten så fort som mogleg.

Generelt

  • Det vanlegaste symptomet ved beinsarkom er smerter.
  • Dei fleste beinsarkom er synleg på eit vanleg røntgenbilde.
  • Pasienten skal tilvisast utan førre biopsi.

Kva pasientar skal tilvisast?

  • Ved malingitetssuspekte røntgenfunn slik som beintap, destruksjon av cortex, beinnydanning eller periostreaksjon
  • Ved mistanke om patologisk fraktur utan kjent underliggande kreftsjukdom
  • Ved uklar diagnose og mistanke om beinsvulst

Kva bør tilvisinga innehalde?

  • Kliniske opplysningar om symptom og symptomvarigheit og ev tidlegare kreftdiagnosar eller andre systemsjukdommar. 
  • Opplysningar om alle relevante røntgenundersøkingar – også gamle, negative bilde av aktuelt område er interessante.
Sist oppdatert 17.02.2025