Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar
Haukeland universitetssjukehus tilbyr traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Gjennom traineeordninga vil vi gi deg som sjukepleiar god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gir unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i din vidare sjukepleiarkarriere.
* Ordinært løp: 3 periodar der 2 periodar vil vere i somatiske einingar og 1 periode i psykisk helsevern eller i rusmedisin
* Psykisk helsevern og rusmedisin: 3 periodar vil vere i psykisk helsevern og rusmedisin, men det vil også vere mogleg med 1 periode i ein somatisk eining
* Overvakingsløp: 3 periodar i overvakings- og intensivpostar
* Barne- og ungdomsløp: 3 periodar vil vere med barn og ungdom, både i somatiske einingar og i psykisk helsevern
* Voss sjukehus: 3 periodar ved ulike avdelingar - kirurgisk og medisinsk
Ved intervju vil du motta meir informasjon på e-post.
Korleis søke stilling?
Sjå stillingsutlysinga for å søkje!
Korleis jobbar ein i praksis?  
Vi ser etter deg som:
- Er nyutdanna sjukepleiar
- Er fagleg sterk og har gode praktiske ferdigheiter
- Liker utfordringar
- Trivst med variasjon i arbeidsoppgåver
- Er positiv og stolt av sjukepleiaryrket
- Har engasjement for pasientane
- Er lærevillig, strukturert og opptatt av å fullføre oppgåver
- Er modig og motivert for variert arbeidserfaring
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er sjølvstendig samstundes som du samarbeider godt med andre
Kva kan vi tilby deg?
- 100% fast stilling
- Faglege utfordringar som gir deg breiddekompetanse og organisatorisk kompetanse
- Eige opplæringsprogram gjennom heile perioden
- Deltaking i rettleiingsgruppe