Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar
Haukeland universitetssjukehus tilbyr traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar. Gjennom traineeordninga vil vi gi deg som sjukepleiar god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gir unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i din vidare sjukepleiarkarriere.
Som traineesjukepleiar ved Haukeland universitetssjukehus får du ein unik moglegheit til å bygge brei kompetanse og utvikle deg fagleg – samtidig som du har trygleiken i ein 100% fast stilling frå første dag.
Kva om du kunne prøve deg på fleire fagområde før du bestemmer deg for kva for retning du vil gå?
Gjennom traineeprogrammet får du moglegheit til å jobbe ved ulike postar og avdelingar i Helse Bergen. Du kan utforske både somatiske fagområde, psykisk helsevern, rusmedisin og andre spennande delar av spesialisthelsetenesta.
Du treng ikkje å ha bestemt deg for framtida. Du får moglegheita til å utforske den.
Traineeprogrammet går over to år, du får 3 periodar på 8 månader på kvar eining som vil gi deg verdifull erfaring.
Hos oss får du:
- 100% fast stilling
- Bli kjend med ulike fagområde og pasientgrupper
- Få erfaring som kan opne dører vidare i karrieren
- Delta på fagdagar, med grupperettleiing på dei fleste fagdagane
Er du klar for å utforske moglegheitene?
Start sjukepleiarkarrieren din hos oss. Få erfaring, oppdag nye fagområde og finn din veg ved eit av Noregs største universitetssjukehus.
Haukeland universitetssjukehus – ein verden av moglegheiter for deg som er nyutdanna sjukepleiar!
Ved intervju vil du motta meir informasjon på e-post.
Korleis søke stilling?
Stillingsutlysinga blir lagt ut i oktober/november kvart år.
Rekrutteringa skjer i november/desember.
Sjå stillingsutlysinga for å søkje!
Korleis jobbar ein i praksis?
Traineesjukepleiar følger den ordinære opplæringa ved avdelinga dei jobbar, og får same oppfølging som blir gitt til nytilsette sjukepleiarar ved aktuell avdeling. Traineestillingane inngår i den daglege drifta ved avdelinga og i avdelingas arbeidsplanar, vanlegvis 3-delt turnus (vakter: dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.