Andre prosjekt i Divisjon psykisk helsevern
Ei oversikt over forskingsprosjekt i divisjonen, men utanfor Forskingsavdelingas regi.
Regionale forskingsnettverk innan psykisk helse
Med utgangspunkt i utgreiinga «Forskningsprogram for psykiatri og psykisk helse» frå 2004, vedtok Det regionale samarbeidsorganet (Samarbeidsorganet), Helse Vest RHF, i 2005 å legge ei strategisk forskingssatsing inn mot området psykisk helse. Det blei derfor oppretta tre regionale nettverk for klinisk forsking innan angst, psykose og stemningslidingar.
ADHD (oppmerksomheitssvikt og hyperaktivitet)
Attention deficit hyperactivity disorder (ADHD) er ein vanleg førekommande, men lite forstått tilstand som medfører store belastingar både for enkeltindivid og samfunn.
Prosjektet «ADHD hos voksne i Norge: Fra klinisk karakterisering til molekylære mekanismer» er eit langsiktig og tverrfagleg forskingsprosjekt som særleg vil belyse dei biologiske forholda ved denne tilstanden.
Prosjektansvarleg: Jan Haavik
ECT vs medikament ved terapiresistent bipolar depresjon
Bipolar liding er forbundet med betydeleg funksjonstap og er ein viktig årsak til uførheit. Medikamentell behandling har god effekt ved maniar, men er mindre effektivt ved depressive episodar. Vi gjennomfører ein randomisert kontrollert multisenter studie av elektrokonvulsiv (ECT) versus farmakologisk behandling ved terapiresistent bipolar depresjon.
Prosjektansvarlig: Ute Kessler
Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge er involvert i fleire forskingsprogram.