Forsking på spiseforstyrrelser

BEAT (Bergen Eating disorder research group)

Forskningsgruppa arbeider for å auke forståinga av spiseforstyrringar og betre behandlinga av desse. Vi forskar på symptom, årsaker, samsjuklegheit, kartleggingsverktøy, behandlingseffektar og brukaropplevingar. Kliniske behandlingsstudiar står sentralt, i tillegg til arbeid med biologiske markørar. Forsking på overspisingsliding er og eit viktig satsingsområde, då dette er den mest utbreidde spiseforstyrringa og behandlingstilbodet har hatt tydelege manglar.

Om forskingsgruppa

Forskningsgruppa vart godkjend i 2023 av divisjonen sitt forskingsutval. Gruppa er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Fonna (ved psykologspesialist og ph.d. Ester Espeseth) og Universitetet i Bergen (ved professor Signe H. Stige og Yngvild S. Danielsen). Ho består av forskarar og fagpersonar med brei kompetanse innan psykologi, medisin, ernæring, fysioterapi og klinisk arbeid med spiseforstyrringar. To ph.d.-stipendiatar er hovudtilknytte gruppa, medan fire ph.d.-stipendiatar og ein postdoktor har sekundær tilknyting.

Sidan oppstarten har gruppa hatt særleg merksemd på å hente inn prosjektmidlar og delta i nasjonale og internasjonale samarbeid, med mål om auka publisering og fagleg utvikling. To stipendiatar og gruppeleiar har hatt forskingsopphald ved University of Sydney og InsideOut Institute for Eating Disorders i 2024–2025, der det òg er etablert samarbeid. Albertsen og Danielsen har i tillegg hatt eit kortare opphald ved Trinity College Dublin for å utvikle samarbeid om behandling av spiseforstyrringar.

Fleire i gruppa har òg vore involverte i etableringa av eit europeisk nettverk som arbeider med kartlegging og oppfølging av spiseforstyrringar ved høgare vekt. 

Førsteamanuensis og psykologspesialist Yngvild S. Danielsen har leiaransvaret for forskingsgruppa. Ute Kessler (overlege, ph.d.) og Liv Kleve (psykologspesialist, ph.d.) er nestleiarar. Kvalitetsrådgivar Helene Nilsen gir administrativ støtte til gruppa.
 

Regionalt forskingsregister og biobank

Ved Regional avdeling for spiseforstyrringar er det etablert eit regionalt kvalitets- og forskingsregister med tilhøyrande biobank. I 2024–2025 har det vore lagt ned eit omfattande arbeid med å utarbeide DPIA og å oppdatere og forbetre rutinane for registeret.

Det er òg arbeidd med å få på plass digitale løysingar for datainnsamling til det nasjonale registeret for behandling av spiseforstyrringar, NORSPIS (Norsk kvalitetsregister for behandling av spiseforstyrrelser - NORSPIS - Nordlandssykehuset HF.)

I åra framover er det eit mål å nytte data frå registeret og biobanken i forskingsaktiviteten knytt til forskingsgruppa for spiseforstyrringar.

Forskingsprosjekt og publikasjonar

CogFam-studien undersøkjer behandling av spiseforstyrringar hos ungdom i alderen 12–18 år. Studien er ein randomisert kontrollert studie som samanliknar kognitiv åtferdsterapi og familiebasert terapi i behandling av spiseforstyrringar.

Prosjektet blir leia av Regional avdeling for spiseforstyrringar (RASP) ved Oslo universitetssjukehus. Gruppa deltek i datainnsamlinga.

Informasjon om studien finn du her: For deltagere

 

 

  1. Ulven O, Stige SH, Danielsen YS. Premature termination of eating disorder treatment -
    a qualitative study of therapist perspectives. J Eat Disord. 2025 May 1;13(1):76. doi: 
    10.1186/s40337-025-01268-0. PMID: 40312385; PMCID: PMC12044887.

  2. Danielsen YS, Woodfin V, Stige SH. Experiential Trajectories of Weight Gain: A 
    Qualitative Study of People With Larger Bodies' Understanding of Their Weight 
    Changes Throughout Life in Norway. Qual Health Res. 2025 Jun 
    4:10497323251342217. doi: 10.1177/10497323251342217
  3. Holgersen G, Abdi-Dezfuli SE, Darrud SF, Espeset EMS, Elgen IB, Nordgreen T. 
    Adolescents’ perspectives on a novel digital treatment targeting eating disorders: a 
    qualitative study. BMC Psychiatry, 2024 vol.24.

  4. Haugland BSM, Hysing M, Danielsen YS, Compas BE, Knudsen LH, Håland ÅT, 
    Wergeland GJH. Unique associations between strategies coping with COVID-19-related 
    stress and internalizing symptoms in a clinical sample of adolescents. Current 
    Psychology 2024, Vol. 43.

  5. Wergeland GJH, Ghaderi A, Fjermestad KW, Enebrink P, Njardvik U, Riise EN, Vorren 
    GH, Øst LJ. Family therapy and cognitive behavior therapy for eating disorders in 
    routine clinical care: a systematic review and meta-analysis. European Child and 
    Adoelscent Psychology, 2024, Vol. 34. P. 883-902.

  6. Aardal, H., Hjeltnes, A., Schanche, E., Danielsen, Y. S., Franer, P., & Stiegler, J. R. 
    (2025). Shared or different pathways to change? Clients’ experiences of change in 
    cognitive behavioral therapy and emotion-focused therapy for 
    depression. Psychotherapy Research, 1–15. 
    https://doi.org/10.1080/10503307.2024.2445662

  7. Stiegler JR, Schanche E, Danielsen YS, Hjeltnes A. Growth in challenging situations: A 
    qualitative investigation of therapists' experience of delivering emotion-focused 
    60
    therapy. Psychother Res. 2024 Dec 2:1-13. doi: 10.1080/10503307.2024.2432680. 
    Epub ahead of print. PMID: 39621787.

  8. Aardal H, Schanche E, Hjeltnes A, Danielsen YS, Bertelsen TB, Zahl-Olsen R, Stiegler 
    JR. Cognitive behavioral therapy and emotion-focused therapy for depression in a 
    routine care setting: A randomized controlled pilot trial. Psychother Res. 2025 Oct 1:1-
    15. doi: 10.1080/10503307.2025.2560935

  9. Stige, S.H., Torrissen, M.H., Danielsen, Y.S. et al. Training students to become 
    responsive therapists: implications from a sequential mixed-methods study on 
    situations that therapists find challenging. BMC Med Educ 24, 261 (2024). 
    https://doi.org/10.1186/s12909-024-05236-1

Sist oppdatert 25.06.2026