Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern
Bergen psykoseprosjekt 2
Behovet for betre forståing av psykoselidingar er stort. Gjennom Bergen psykoseprosjekt 2 håper vi å få kunnskap som vil vere viktig for framtidas psykosebehandling.
Prosjektet er ei klinisk undersøking leia av Divisjon Psykisk helse, Helse Bergen.
Kva er best for den enkelte?
Menneske med psykose kan ofte slite med både alvorlege symptom og ha vanskar med tenking, konsentrasjon og minne (nevrokognitiv funksjon).
I dag er det fleire ulike behandlingsopplegg for psykose. Dei fleste vil i periodar ha nytte av antipsykotiske medisinar. Vi treng imidlertid meir kunnskap for å kunne tilpasse medisinen betre til kvar enkelt person i framtida.
Kva er spesielt med prosjektet?
Deltakaren si oppleving av behandlinga blir satt i sentrum.
Forsking på effekt av antipsykotisk medisin går føre seg uavhengig av legemiddelindustrien.
Vi fokuserer på korleis tenking, konsentrasjon, minne og symptom endrar seg ved medikamentell behandling over tid.
Personar med psykose og samtidig rusproblem kan også delta
Ønskar du å delta i prosjektet?
Ved å delta i prosjektet kan du bidra til at vi får kunnskap som vil vere viktig for framtidas behandling av psykoselidingar.
Personar med psykose kan delta i prosjektet dersom dei treng antipsykotisk medisin i tablettform.
Etter informert samtykke får alle tilbod om eit av tre følgande moderne antipsykotiske legemiddel som ofte brukast i dag.
Din behandlar / fastlege vil i samråd med deg vurdere kva dose du skal stå på. Vi som arbeider i prosjektet skal ikkje vite namnet på legemiddelet du bruker. På denne måten kan vi objektivt vurdere effekten av og eventuelle biverknader av medisinane.
Vi undersøker korleis deltakarane har det over tid, både i forhold til symptom, biverknader og nevrokognitiv funksjon.
Alle prosjektdeltakarane kjem til åtte kontrollar i løpet av 12 månader ved Forskingsavdelinga i Sandviken. Første kontroll skjer ved oppstart, så etter 1, 3 og 6 veker - og så etter 3, 6, 9 og 12 månader.
I tillegg får ein tilbod om undersøking av hjernen i form av MR og EEG.
Alt vi tilbyr av undersøkingar er frivillig. Du kan når som helst og utan forklaring takke nei til delar av undersøkinga, eller trekke deg heilt frå prosjektet. Resultata fra undersøkingane vil bli sendt til din behandlar, noko som også kan komme til nytte i behandlinga di.
Kontrollane har ulik varigheit. Dei kan nokre gonger vare i fleire timar, men du får så mange pausar du treng. Etter blodprøvetaking og fysisk undersøking får du frukost. Ein av kontrollane varer lenger, då får du tilbod om lunsj.
Du får 200 kronar for kvar kontroll.
Vi betaler den antipsykotiske medisinen du bruker i det året du deltar i prosjektet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt for deltaking og / eller informasjon om prosjektet.