Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva inneber det å vere med i studien? (for pasientar og pårørande)

Gjennom deltaking i studien er du med på å utvikle psykosebehandlinga i Noreg til det betre, samstundes som du får tilbod om ei heilt ny type behandling.

Uttørket jord hvor en grønn spire stikker opp

Traumebehandlinga blir gitt som eit tillegg til den vanlege behandlinga du får i dag. Det betyr at du får den same behandlinga ved sida av traumebehandlinga under og etter at du er med i studien.

Alle som er med i studien får anten behandling med ein gong, eller etter 6 månader. Loddtrekking (randomisering) avgjer om du får traumebehandling frå starten, eller etter 6 månaders ventetid. Du får den vanlege behandlinga i ventetida. Grunnen til denne todelinga er at vi ønsker å vise om traumebehandlinga har god effekt, og då må vi samanlikne behandling med ein periode utan traumebehandling.

For å vise effekt må vi også kartlegge symptoma og helsa di. Dette blir gjort gjennom at du får spørsmål på telefonen din kvar 14. dag. I tillegg er undersøkingar med spørsmål og kartleggingar ved oppstart, etter 3 månader og ved avslutning av behandlinga. I ventetida er det også dei same undersøkingane. Vi vil også spørje om å få snakke med deg etter 6 og 12 månader etter at behandlinga er avslutta for å sjå om behandlingseffekten held fram. For dei undersøkingane der du møter opp fysisk, så får du som kompensasjon eit gåvekort på 500 NOK. Vi kan hjelpe med bestilling av transport og liknande om det er nødvendig.

Vi ønsker å vise at traumebehandling ved psykose verkar på traumesymptom, men også andre symptom, funksjon og helse. Sjå Oversikt data som blir henta for fullstendig liste over prøver og opplysningar som blir henta inn.

Traumebehandling kan nokre få gonger gi ei mellombels auke i symptom og plager, derfor vil du bli følgd tett opp av behandlaren din. Desse reaksjonane går vanlegvis over. Målet er at du skal oppleve mindre symptom og plager som følge av traumebehandlinga. Behandlinga er ikkje knytt til annan risiko eller biverknader.

Du kan når som helst og utan å oppgi nokon grunn trekkje deg frå studien utan at det får nokre konsekvensar for den vidare behandlinga di. Dersom du seinare ønsker å trekke deg eller har spørsmål til prosjektet, sjå kontaktinfo.

Viss det er greitt for deg kan det bli teken video av terapitimane, berre basert på ditt samtykke og ønske. Det vil ikkje bli teke video utan at du veit det. Videoopptak er for å sikre at behandlinga er av tilstrekkeleg kvalitet. Det er terapeuten som blir filma, du blir filma bakfrå, og videoane vil bli sletta etter kvalitetssjekken er gjort. Formålet med filminga er å sjå om terapimetoden blir teken i bruk på ein god måte av behandlaren din.

Sist oppdatert 25.07.2025