Kva inneber det å være samarbeidande klinisk eining (for leiare)
KIT – the Key to Integrated Trauma treatment in psychosis (Integrert traumebehandling ved psykose) er ein pragmatisk RCT utvikla for å undersøke om traumebehandling i tillegg til standard behandling ved psykose gir betre symptom- og funksjonsnivå.

Traumesymptom påverkar utviklinga av psykose, prognose og funksjonsnivå. Det er ønskeleg å gi klinikken gode verktøy for å behandle desse plagene, og brukargruppa, internasjonale forskarar og psykosebehandlarar i Norge har etterlyst dette. Den nasjonale psykoseretningslinja anbefaler fokus på traume, men ikkje ein spesifikk metode. Derfor vil vi undersøke behandlingsmetodar som er evidensbaserte for traumelidingar (PTSD); EMDR og TF-CBT, ved psykose.
Å være ei samarbeidande eining inneber at terapeutar i eininga inkluderer og behandlar pasientar med EMDR (eller TF-CBT) frå eigne pasientlister i eigne einingar. Pasientane får den same behandlinga som elles, traumebehandlinga kjem i tillegg. Det vil seia at pasienten har tryggleiken frå standard behandling og evt. teamet sitt under og etter behandling. Behandlingsansvaret ligg dermed på denne eininga også i prosjektperioden, med standard journalføring, inntektsgrunnlag mm.
Terapeutar som ønsker å lære seg å bruke evidensbasert traumebehandling og har moglegheita til å følge opp menneske med psykoselidingar innan schizofreniaksa (F20-29) over noko tid kan være med. Særleg viktig er det at terapeutane er med på den omfattande opplæringa og påfølgande månadlege rettleiing. Det forventast ein inklusjon av pasientar pr. terapeut på minimum 3 innan 2025, og 5 innan 2027. Kor lenge prosjektet vil vare er avhengig av ekstern finansiering.
Det er viktig at alle leiarnivå opplev at deltaking i KIT er i tråd med einingas strategi om kompetanseutvikling. Erfaring viser at deltaking i KIT som terapeut kan understøtte rekruttering og å behalde dyktige fagmedarbeidarar. Pasientar inkludert på ei eining vil kunne inngå i den nasjonale kartlegginga av kor mange pasientar som er inkludert i klinisk behandlingsforsking.
Eininga vil måtte stille KIT-terapeuten til disposisjon til undervisning (3 dagar x 2) og månadleg rettleiing (2 timer). Det anbefalast også å la KIT-terapeutar delta på fagdagar, men dette må forankrast i einingas behov.
KIT skal ikkje medføre ei auka registreringsbyrde for KIT-terapeutar. Det betyr at eige studiepersonell, dvs. studiesjukepleiarar og stipendiatar, hentar inn den forskingsrelaterte informasjon frå pasientane direkte gjennom eigne kartleggingsavtalar som er separate frå behandlingsavtalane. Noko informasjon hentast inn frå Norse DataCap, og alt lagrast på sikker forskarserver. Terapeutane bruker eit screeningsverktøy før oppstart for å sjå om pasienten er plaga av traume, og eit kartleggingsskjema etter kvar time for å kartlegge eventuell forverring av tilstand, samt om behandlingsmetoden er brukt. Nokre gongar vil studiepersonell supplere pasientdata med informasjon frå journal og nasjonale kvalitetsregistre. Prosjektet er godkjent av REK, og monitor sikrar gjennomføring i tråd med protokoll og pasienttryggleik på alle lokasjonar.
Alle geografiske lokasjonar har eigen prosjektleiar som har en koordinerande funksjon og med eit lokalt ansvar, og som kan kontaktast. Lokal prosjektleiar blir også kontaktast om det skulle være ein endring av tilstand for pasienten som ein må ta hensyn til klinisk.
Kontaktinformasjon:
Nasjonal prosjektleiar
Else-Marie Løberg
E-post: else.marie.loeberg@helse-bergen.no
Tlf: 98 09 44 20